MGLU5240
Vitenskapsteori og metode (norsk- og engelskdidaktikk)
Høst
Trondheim
Norsk og Engelsk
Om emnet
Faglig innhold
Innsikt i vitskapsteori og metode er grunnleggande for å forstå, vurdere, problematisere og sjølv gjennomføre fagdidaktisk forsking. Slik forsking hentar perspektiv og tilnærmingar frå eit breitt utval av fag- og forskingstradisjonar, og dette emnet opnar for ulike typar masteroppgåver og førebur kandidatane til sjølvstendig arbeid med ulike prosjekt. Emnet inneber at kandidatane tenker og arbeider med relevant vitskapsteori, -historie, -filosofi og -sosiologi, og emnet legg vidare vekt på samanhengen mellom ontologi, epistemologi, metodologi og metode. Dette set kandidatane i stand til å grunngi vala sine i konkrete tilnærmingar som dei gjer i eigne masterprosjekt. Emnet bidrar vidare med kunnskap om forholdet mellom forsking, forskar, fag og samfunn, og utviklar den kritiske og forskingsetiske sansen hjå kandidatane. Sentralt i emnet er òg at kandidatane kjem i gang med eigne masterprosjekt, og emnet legg mellom anna vekt på formelle sider ved akademisk skriving, som oppbygginga av ein vitskapleg tekst, presise framstillingsmåtar og rett bruk av referansesystem.
Emnet består av éin felles del og éin meir spesialisert del som gir rom for fordjuping i tema som er metodologisk relevante for og knytte til kandidatane sine eigne forskingsinteresser.
Læringsmål
Kunnskap
Kandidaten
- har inngåande kunnskap om sentrale utviklingstrekk og diskusjonar i vitskapshistoria
- har inngåande kunnskap om ulike forskingstradisjonar og vitskapsteoretiske, -filosofiske, -historiske og -sosiologiske perspektiv som vedkjem faget
- har avansert kunnskap om grunnleggande metodologiske resonnement og framgangsmåtar i fagdidaktisk forsking
- har avansert kunnskap om omgrep og omgrepsbruk innanfor ulike forskingsfelt og - tradisjonar
- har inngåande kunnskap om relevante forskingsetiske problemstillingar, prinsipp og retningslinjer
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan diskutere og reflektere over ulike sider ved forskingstradisjonar og vitskapsparadigme som blir aktualiserte i fagdidaktisk forsking
- kan identifisere og diskutere samanhengar mellom vitskapsteori og metode
- kan utarbeide forskbare spørsmål som har relevans for fagfeltet, og gjennomføre sjølvstendige undersøkingar
- kan vurdere, velje og grunngi relevante metodiske tilnærmingar i eige masterprosjekt
- kan forstå, vurdere og problematisere eiga og andre si forsking og forhalde seg kritisk til kunnskapskjelder
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan bruke vitskapsteoretisk og metodologisk innsikt på nye område
- kan formidle resultat frå eige og andre sitt forskingsarbeid
- kan vurdere avgrensingar og moglegheiter ved ulike metodar, i forsking og profesjon
- kan reflektere over etiske problemstillingar i forsking og profesjon
- kan bruke KI på en kritisk, ansvarlig og etisk måte innenfor akademisk forskning på et avansert nivå
Læringsformer og aktiviteter
Førelesingar, seminar, individuelt arbeid, gruppearbeid og presentasjonar