MGLU3101

Norsk 2 (1-7): Lesing, skriving og muntlighet i ulike tekstkulturer

Vår

Trondheim

Norsk

Oversikt

Snitt

C

3,44

0,04

Ståprosent

90 %

likt

Karakterfordeling
Snitt over tid
Ståprosent over tid

Om emnet

Faglig innhold

Norsk 2 bygger på Norsk 1 og omfattar norskundervisning for trinn 1-7. Emnet gir historisk bakgrunn og god kunnskap om sentrale språklege og litterære emne, djupare innsikt i fagdidaktiske spørsmål i begynnaropplæringa og i norskundervisninga på mellomtrinnet. Emnet gir eit betre fagleg grunnlag for arbeid med læringsfremjande vurdering og tilpassa norskopplæring for alle elevar. Studentane får òg gode høve til å vidareutvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne. Gjennom skriving av ei rettleidd FoU-oppgåve vil studentane få fordjupe seg spesielt i eit norskfagleg perspektiv som er relevant for trinn 1-7. Undervisning i vitskapleg metode blir knytt til arbeid med FoU-oppgåva. Hovudområde 1: I dette området skal studentane få kunnskap om litteraturhistorie og ulike litteraturteoretiske perspektiv. Tekstar frå norsk skjønnlitteratur og sakprosa blir sette inn i ein historisk samanheng, og teksttypar frå ulike medium blir studerte og vurderte. Studentane skal også få kunnskap om kommunikasjon i ulike medium og teoretisk kunnskap om samansette og digitale tekstar. Hovudområde 2: I dette området skal studentane vidareutvikle kunnskapen sin om norsk språk (system og bruk). Her er vi mellom anna innom språklege endringsprosessar, talemålsvariasjon, språkmangfold og flerspråklighet i norskfaget. Studentane skal og få videreutvikle kunnskap om munnleg og skriftleg kommunikasjon. Ulike munnlege og skriftlege sjangrar blir utforska, og det blir arbeidd med analyse og vurdering av elevtekstar frå ulike trinn. Målet er at studentane som norsklærarar skal kunne arbeide kreativt og systematisk med munnlege og skriftlege sjangrar , slik at elevar med ulike føresetnader kan utvikle sine munnlege og skriftlege ferdigheiter.

Læringsmål

Emnet er inndelt i to like store hovudområde som går parallelt i vårsemesteret. Læringsutbytteformuleringane blir ivaretekne i begge hovudområda.

KUNNSKAP

Studenten

  • har kunnskap om litteraturhistorie og ulike litteraturteoretiske perspektiv, og brei kunnskap om skjønnlitteratur i ulike sjangrar
  • Har brei kunnskap om litteratur- og språkdidaktiske tilnærmingar
  • har god kunnskap om munnleg kommunikasjon og den vidare opplæringa i lesing og skriving
  • har brei kunnskap om språket som system, språkleg variasjon og språket i bruk
  • har kunnskap om samisk språk, nasjonale minoritetsspråk og nabospråk

FERDIGHEITER

Studenten

  • kan bruke tekst- og litteraturkunnskap , grammatikk og språkkunnskap i analyse av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
  • kan legge til rette for variert arbeid med skjønnlitteratur og saktekstar i tradisjonelle og moderne medium
  • kan legge til rette for at elevar på 1.-7. trinn lærer å lese, skrive og diskutere saktekstar og skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium
  • kan gi tilpassa opplæring i munnleg og skriftleg norsk for elevar med varierande ferdigheiter i norsk og elevar med norsk som andrespråk
  • kan bruke relevante metodar og ny teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i lese- og skriveopplæringa
  • kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål

GENERELL KOMPETANSE

Studenten

  • har innsikt i skulefagets historie og eigenart som språk-, kultur-, litteratur- og danningsfag
  • kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer
  • kjenner til norskdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte forskingsetiske problemstillingar
  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på 1.-7. trinn

Læringsformer og aktiviteter

Studentane vil møte varierte arbeidsformer og både formative og summative vurderingsformer. Undervisninga vil i stor grad vere seminarbasert. Studiet fordrar derfor stor eigenaktivitet av studentane. Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida, gjennom arbeid i grupper og gjennom læringsplattforma. Studentane skal gjennom heile studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar. Vidare er det forventa at studentane bruker biblioteket aktivt og møter førebudde til undervisninga.