LGU13008
Norsk 2 (1-7) emne 1: Språk-, tekst- og litteraturarbeid
Sist undervist 2019
Høst
Trondheim
Norsk
Om emnet
Faglig innhold
Teoriar om lesing, leseutvikling og ulike didaktiske innfallsvinklar til arbeid med sakprosa og skjønnlitteratur er sentrale tema i dette emnet. Studentane skal gjere seg kjende med nyare barne- og ungdomslitteratur frå Norden og med barnelitteraturens historie. Det blir arbeidd med ulike sjangrar innanfor sakprosa og skjønnlitteratur, og lesing og skriving blir sett i samanheng.
Emneområdet gir kunnskapar om norsk språk, både når det gjeld oppbygging, system og bruk. Eit sentralt arbeidsområde handlar om korleis ein kan bruke språk- og tekstkunnskap aktivt i rettleiing av elevar i lese- og skriveprosessen. Vidare blir det arbeidd med vurdering og kartlegging av lesing og skriving som grunnlag for å fremje fagleg utvikling hos elevane. Norsk som andrespråk, dialektologi, sosiolingvistikk, munnlege og skriftlege sjangrar og kjennskap til nabospråk kjem også inn under dette emneområdet.
Læringsmål
Kunnskapar
Studenten
- kan gjere greie for norsk litteraturhistorie, har kunnskapar om sentrale verk i norsk fiksjonslitteratur og sakprosa
- kan greie ut om språklege endringsprosessar, i fortid og samtid, om normeringsspørsmål i moderne norsk og kan gjenkjenne sentrale teikn ved norske dialektar
- forstår og kan diskutere kva for funksjonar lesing har hatt og har i kulturen vår
- kan gjere greie for korleis ein kan fremje lese- og skriveutvikling hos elevar med norsk som andrespråk
- har inngåande kjennskap til teoriar om lesing, særleg knytt til den andre leseopplæringa
Ferdigheiter
Studenten
- er ein stø språkbrukar
- kan analysere og vurdere lærebøker og andre læremiddel
- har utvida kunnskap om norsk språk - oppbygging, system og bruk
- kan setje barne- og ungdomslitteratur frå Norden inn i ein historisk samanheng, tolke den og sjå den i lys av nordisk og annan internasjonal litteratur
Generell kompetanse
Studenten
- har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå eit historisk perspektiv på faget
Læringsformer og aktiviteter
Studentane vil møte varierte arbeidsformer og både formative og summative vurderingsformer. Undervisninga vil i stor grad bli seminarbasert, der det blir arbeidd konsentrert med eit tema i to til tre veker, med framlegg til slutt. Studiet fordrar derfor stor eigenaktivitet av studentane.
Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida, og gjennom arbeid i grupper og gjennom læringsplattforma. Studentane skal gjennom heile studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar. Vidare er det forventa at studentane brukar biblioteket aktivt og møter førebudde til undervisninga.