IIRA2001

Programmering og Data i Økonomiske Fag

Høst

Ålesund

Norsk

Oversikt

Snitt

C

2,86

0,39

Ståprosent

90 %

6 poeng

Karakterfordeling
Snitt over tid
Ståprosent over tid

Om emnet

Faglig innhold

Emnet gjev studenten ei grunnleggjande forståing for bruk av moderne digitale verkty og metodar for å løysa problem knytt til økonomi og leiing. Me går mellom anna inn i fylgjande tema:

  • Grunnleggjande bruk av programmering i økonomifag
  • Omgrep som vert brukte i informasjonsteknogi
  • Korleis ein analyserer store og fragmenterte datasett som stammar frå fleire kjelder
  • Visualisering av data som verkemiddel i kommunikasjon og formidling (kundedata, rekneskapsdata, logistikk, osv)
  • Forståing for datasikkerheit
  • Kjelder til informasjon og data for analyse
  • Korleis kunstig intelligens og maskinlæring kan nyttast i økonomifaga

Læringsmål

Kunnskap

  • Studenten skal kjenna høve og avgrensingar ved programmering og andre digitale verktøy (mellom anna store språkmodellar) for handsaming og analyse av økonomiske data.
  • Studenten skal kjenna til dei grensene som lovverket set for datahandsaming.

Ferdigheiter

  • Student skal kunna bruka programmering og digitale verktøy (slik som store språkmodellar) for å simulere, modellera og løyse problemstillingar i økonomiske fag.

Generell kompetanse

  • Studenten skal kunna kommunisera om dataverkty, -behov og -løysingar på tvers av faggrenser.
  • Studenten skal kunna bruka simulering og dataanalyse som grunnlag for økonomiske vurderingar.
  • Studenten skal kunna identifisera og vurdera informasjonsverdiar og sikkerheitsrisiko knytt til datahandsaming.

Læringsformer og aktiviteter

  • Underviste økter med interaktive og studentaktive læringsformer (t.d. live koding, gruppearbeid)
  • Praktiske øvingar og prosjekt under rettleiing med læringsassistentar og faglærar.