TFY4210

Kvanteteorien for faste stoffer

Vår

Trondheim

Engelsk

Oversikt

Snitt

C

2,50

1,50

Ståprosent

100 %

likt

Karakterfordeling
Snitt over tid
Ståprosent over tid

Om emnet

Faglig innhold

Feltkvantisering. Okkupasjonstals-representasjon for ikkje-relativistiske fermioniske og bosoniske mangepartikkelsystem. Vekselverkande elektrongass. Green-funksjonar. Mangepartikkel perturbasjonsteori og Feynman-diagram. Gittermodellar for fermion og spinn. Hubbard-modellen og Heisenberg-modellen. Spinnbølgjeteori for ferro- og antiferromagnetar. Elektron-fonon-kopling. Cooper-problemet og BCS-teorien for superleiing.

Læringsmål

Studentene skal få kjennskap til sentrale eksempel på feltteoriar og gittermodellar for system av vekselvirkande fermion, boson, og spinn, og lære å bruke relevante teoretiske begrep og metodar til å analysere forskjellige aspekt av desse modellane.

Meir spesifikt skal studentene mellom anna:

  • beherske bruk av kreasjons- og annihilasjonsoperatorar for fermion- og bosonsystem;
  • meistre Fourier- og Bogoliubov-transformasjoner for diagonalisering av kvadratiske Hamilton-operatorar;
  • bli introdusert til mangepartikkel Greens-funksjonar og korleis desse er relatert til diverse storleikar av interesse;
  • få ei innføring i perturbasjonsteori for mangepartikkelsystem, inkludert Feynman-diagram;
  • få kjennskap til diverse andre metodar, t.d. spinnbølgjeteori;
  • lære om sentrale begrep, inkl. kvasipartiklar, ordensparametrar og (brotne) symmetriar.

Læringsformer og aktiviteter

Forelesingar og frivillige rekneøvingar. Emnet vert undervist på engelsk dersom internasjonale mastergradsstudentar tek emnet. Forventa arbeidsinnsats i emnet er 225 timar.

Emnet har felles forelesningar med FY8302.