MGLU5238
Musikalske produksjoner i samarbeid: fra idé til gjennomføring
Sist undervist 2023
Høst
Trondheim
Norsk
Om emnet
Faglig innhold
Emnet fokuserer på ulike typar musikalske produksjonar med relevans for arbeid i skulen. Ein produksjon blir i denne samanhengen forstått som ei planlagd hending med kunstnarisk intensjon, t.d. konsertar, teaterframføringar, innspelingar, danseframsyningar eller andre scenekunstnariske samarbeidsproduksjonar. I løpet av semesteret skal studenten få trening i å initiere, planlegge, gjennomføre og evaluere ulike typar produksjonar, både individuelt og som del av ei gruppe. Ein viktig del av emnet er å gjere seg kjend med eit variert utval skulerelevante produksjonar gjennom konsertbesøk og ekskursjonar. Gjennom heile emnet er studenten oppmoda til å utforske tema som samarbeid, inkludering, fleirfaglegheit, målgruppe, arena og kunstnariske prosessar.
Læringsmål
Kunnskap
Studenten
- har spesialisert kunnskap om eit utval musikalske produksjonar frå fleire ulike kontekstar
- har inngåande kunnskap om fleirfaglege og scenekunstnariske samarbeidsmåtar innanfor rammene for musikalske produksjonar
- har avansert kunnskap om korleis estetiske og kunstnariske læringsprosessar går føre seg i kunstnarisk musikalsk arbeid
- har inngåande kunnskap om korleis musikalsk innhald kan tilpassast særskilde produksjonsformer, målgrupper og arenaer
Ferdigheiter
Studenten
- kan initiere, planlegge, og gjennomføre ulike typar musikalske produksjonar
- kan opprette kontakt med og gjennomføre musikalske samarbeidsprosjekt med aktørar utanfor skulen
- kan leie ein musikalsk produksjon med elevar i skulen - kan kritisk reflektere over og evaluere musikalske produksjonsprosessar med omsyn til samarbeid, inkludering, fleirfaglegheit og målgruppetilpassing
- kan kommunisere tydeleg og reflektert med interne og eksterne samarbeidspartnarar i utforming og gjennomføring av musikalske produksjonar
Generell kompetanse
Studenten
- kan bidra til utviklingsarbeid som fremmar fagleg og pedagogisk nytenking i kunstfag i skulen
- kan bidra til tettare samarbeid mellom skule og nærmiljø gjennom inkluderande kunstnariske initiativ
Læringsformer og aktiviteter
Workshops, forelesingar, individuelt arbeid og gruppearbeid