IIRA6001

Programmering til dataanalyse

Vår

Ålesund

Norsk

Oversikt

7 kandidater

Snitt

B

4,00

likt

Ståprosent

100 %

likt

Karakterfordeling
Snitt over tid
Ståprosent over tid

Om emnet

Faglig innhold

Emnet gjev ein introduksjon til bruk av generell programmering som eit verkty i dataanalyse. Målgruppa er folk som allereie arbeider med kvantitative data i jobben, anten det er rekneskap, forretningsanalyser, demografi eller finans. Målet er at programmeringsverkty skal gjera det mogleg å handtera større og meir samansette datasett, automatisere periodisk rapportering og mogleggjera meir avanserte og fleksible analyseteknikkar, som maskinlæring.

  • Ta i bruk Jupyter Lab og Python.
  • Simulering av økonomiske prosessar
  • Formatering og visualisering av datasett
  • Statistisk analyse og maskinlæring
  • Gjenbrukbar kode og automatisering
  • Personvern, sikkerheit og etikk

Kurset opnar for at studentane kan velja ulike tema til fordjuping.

Læringsmål

  • Kunnskap. Etter endt kurs veit kandidaten
    • om dei viktigste høve og avgrensingar som programmering, maskinlæring og andre digitale verkty gjev til handsaming og analyse av økonomiske data.
    • om nokre viktige kjelder til opne data.
    • korleis kunstig intelligens bruker data og kva KI dermed kan og ikkje kan gjera.
    • kva lover som avgrenser lagring og bruk av data.
  • Ferdigheiter. Etter endt kurs kan kandidaten
    • bruka programmering til å henta, formattera, kombinera, visualisera og analysera data frå ulike kjelder.
  • Kompetanse. Etter endt kurs kan kandidaten
    • finna fram relevante data og velja relevante verkty og metodar for å handtera dei.
    • finna, evaluera og ta bruk nye digitale verkty og prosessar i eigen arbeidssituasjon.
    • kritisk analysera og tolka kvantitative data i eigen fagkontekst.

Læringsformer og aktiviteter

  • Tre samlingar med seminar, øvingar og vegleiing.
  • Videoføredrag og videodemonstrasjonar.
  • Vegleiingstimar på nett
  • Øvings- og prosjektoppgåver

Emnet har obligatorisk aktivitet i form av munnleg presentasjon på ei av samlingane. Detaljert informasjon under "Meir om vurdering".