HIST2009

Norsk og nordisk historie etter 1750

Vår

Trondheim

Norsk

Oversikt

Snitt

C

2,78

0,34

Ståprosent

56 %

32 poeng

Karakterfordeling
Snitt over tid
Ståprosent over tid

Om emnet

Faglig innhold

Emnet gjev studentane ei inngåande undersøking av utvalde delar av norsk eller nordisk historie etter 1750. Emnet vil og utfordre studentane ved å presentere dei for viktige teoretiske og metodologiske spørsmål som er relevante for emnets utvalde tematikk. Tema, kronologisk tyngdepunkt og perspektiv i emnet vil variere frå år til år. Moglege tema inkluderer mellom anna: samfunnsstyring, einevelde, opplysningstida, den nordiske samfunnsmodellen, natur og miljø, forretningsliv, arbeidstakerorganisasjonar, migrasjon etc. Tema som vert tilbydd innanfor emnet vil variere frå studieår til studieår avhengig av kva lærarressursar instituttet rår over. Dei aktuelle tema vil vanlegvis vere utforma ut frå dei aktuelle faglærarane sine forskingsinteresser. Informasjon om tema for studieåret finnast under studium på nettsida til ansvarleg institutt.

Læringsmål

Ein kandidat som har bestått emnet, skal ha oppnådd følgjande læringsutbytte, definert i kunnskap og ferdigheiter.

Kunnskap

Kandidaten har

  • omfattande kunnskap om dei viktigaste utviklingstrekka i det/dei spesifikke tema i norsk eller nordisk historie som kurset analyserer
  • inngåande forståing av dei ulike teoretiske og/eller metodologiske perspektiv og tilnærmingar til feltet

Ferdigheiter

Det er forventa at kandidaten kan

  • resonnere, argumentere og orientere om utvalde emner innafor emnets tematiske rekkevidde
  • reflektere skriftleg og munnleg over sentrale problemstillingar og debattar
  • nytte empirisk kunnskap og teoretiske perspektiv i sjølvstendig analyse

Læringsformer og aktiviteter

Førelesningar, seminar og/eller individuelle oppgåver. Enkelte tema kan innebere ekskursjon. Obligatorisk aktivitet frå tidlegare semester kan godkjennast av instituttet.