HIST1000

Historien i samfunnet

Høst

Trondheim

Norsk og Engelsk

Oversikt

Snitt

C

2,85

0,16

Ståprosent

96 %

likt

Karakterfordeling
Snitt over tid
Ståprosent over tid

Om emnet

Faglig innhold

Historia i samfunnet er eit fellesemne for studentar innan ulike program i historiske studiar. Emnet gir ein introduksjon til korleis historie, forstått som førestellingar om fortida, vert nytta av ulike aktørar og har ulike funksjonar i samfunnet. Gjennom ulike aktivitetar, slik som gruppearbeid, ekskursjonar og forelesingar, får studentane ei brei innføring til historiebruksfeltet. Dette er eit tverrfagleg felt med stor relevans for ulike studieprogram der omgrep som til dømes fortid, minne, historiemedvit og identitet står sentralt. Eit viktig aspekt ved dette emnet er å lære å bruke teori frå dette feltet til analyse og diskusjon av konkrete døme på bruk av historie i samfunnet.

Læringsmål

Ein kandidat som har bestått emnet, er forventa å ha følgjande totale læringsutbytte, definert som kunnskapar og ferdigheiter:

Kunnskapar

Kandidaten

  • kan skilje mellom og forklare ulike former for historiebruk og korleis desse har prega og pregar samfunnet
  • har kjennskap til og forståing for sentrale omgrep, tema og typologiar knytt til historiebruksfeltet. Sentrale omgrep inkluderer fortid, historie, historiebruk/historiedidaktikk, førestilling, forteljing, historiemedvit, identitet, kollektive minne, sted og materialitet, myte og nasjon. Sentrale tema inkluderer historiebruk i identitetsdanning, nasjonsbygging, til kvardags og i kommersielle samanhengar, samt bevaring og formidling av historie institusjonar (til dømes skule, museum og arkiv).

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan identifisere og analysere rolla til historie i sentrale prosessar i samfunnet
  • kan anvende forklaringsmodellar, teoriar og omgrep frå historiebruksfeltet til å drøfte historiebruk i konkrete døme

Læringsformer og aktiviteter

Forelesingar, ekskursjonar, gruppeoppgåver og loggføring av læringsaktivitetar og -prosess. Skriving av logg knytt til gruppearbeid og skriving av opptil 10 oppgåver som del av gruppearbeidet er obligatoriske aktivitetar. Ved spesielle tilfeller kan fjernstudentar søke om fritak frå gruppearbeidet og i staden skrive ei lengre oppgåve.