BI6003

Landskapsøkologi for skognæringa

Vår

Trondheim

Norsk

Oversikt

Ståprosent

100 %

likt

Karakterfordeling
Ståprosent over tid

Om emnet

Faglig innhold

Kurset vil gje ei innføring i korleis naturlege og menneskeskapte element i landskapet påverkar artar, biodiversitet og økosystem gjennom ulike økologiske prosessar slik som utdøying og etablering av lokale populasjonar. Hovudfokus vil vera på norske skogøkosystem, men det vil også gjeve døme frå andre naturtypar. Kurset vil gje studentane ei forståing av korleis endringar i landskapet både innan og mellom ulike naturtypar og økosystem, er med å forma naturen og biodiversiteten og dei endringane i desse som skjer lokalt og nasjonalt.

Læringsmål

Etter å ha fullført kurset vil deltakarane kjenna til samanhengen mellom strukturen og eigenskapane til eit landskap og dei økologiske prosessane som avgjer levedyktigheita til populasjonar og artssamfunn. Dei vil ha ei god forståing av korleis ulike typar endringar av landskapet, til dømes frå eiga næring, kan påverka individ, populasjonar og mangfaldet av artar.

Læringsformer og aktiviteter

Kurset vil vera ein kombinasjon av digital og fysisk undervisning. Studentane får eit digitalt nettkurs med støtteliteratur som nettkurs. I tillegg vil det vera digitale og fysiske samlingar.