AAR4841
GIS som planverktøy
Høst
Trondheim
Norsk
Om emnet
Faglig innhold
Kunnskap om geografisk informasjonssystem (GIS) som eit viktig metodeverktøy for fysisk planlegging. Innføring i og øving med aktuelle GIS-verktøy, som ArcGIS, ArcGIS Pro eller QGIS.
Læringsmål
Kunnskapsmål: Funksjonalitet og verkemåte til geografiske informasjonssystem. Grunnleggande om geografiske data og referansesystem, kartografi og kartografiske verkemiddel, relevant for behov og metodetilfang i fysisk planlegging. Datastrukturar, datamodellar og geografiske/romlege analyseteknikkar som blir brukte til undersøking og framstilling av plangrunnlag, planpresentasjon og konsekvensanalyse. Tilfanget av norske datakjelder, og bruken av dei i analyse og planframstilling. Ferdigheitsmål: Tilrettelegging av geografiske data i eit GIS, klargjering for analyse- eller framstillingsformål. Grunnleggande om redigering av kartdata. Bruk av 2D og 3D framstillingsmåtar som viser plangrunnlag og -resultat på ein lettfatteleg måte. Bruk av GIS-funksjonar for planretta analyser av lokaliseringsvilkår eller konsekvensar av plangjennomføring. Generell kompetanse: Å gjere bruk av tileigna kunnskap og ferdigheiter på mange ulike oppgåver relatert til geografisk analyse og fysisk planlegging.
Læringsformer og aktiviteter
Forelesingar og dataøvingar i konsentrerte workshops.