NORD2200 - Eldre språk

Karakterfordeling

ABCDEF565000

Semester

Faglig Innhold

Det faglege innhldet i emnet skiftar mellom runologi og norrønt språk. Hausten 2024 blir det undervist i runologi. Runologi I denne varianten blir studentane kjende med norske runeinnskrifter. Studentane får kunnskap om runene som eige skriftsystem, synkront og diakront, og om både den språklege og innhaldsmessige sida av innskriftene. Emnet gjev ei oversikt over heile tidsrommet runene var i bruk, med hovudvekt på vikingtids- og middelalderruner i det norrøne området i vid forstand. Norrønt språk I denne varianten får studentane større innsikt i norrøn språkstruktur og betre kjennskap til norrønt språk enn det basisnivået (NORD1102 og NORD1106) gjev. Studentane skal bli i stand til å arbeide sjølvstendig med norrøne tekstar og kunne analysere desse språkleg. Dei skal også få språkhistoriske og filologiske bakgrunnskunnskapar som set den norrøne grammatikken i ein samanheng, og studentane skal kjenne noko til variasjon innanfor norrønt.

Læringsmål

Runologi Kunnskaper: Kandidaten har - kunnskap om runene som eige skriftsystem, ulike variantar av runealfabetet (fuþarken) og korleis runeskrifta utvikla seg over tid - kunnskap om både den språklege og den innhaldsmessige sida ved runeinnskrifter - kunnskap om runenes historiske og kulturhistoriske kontekst Ferdigheiter: Kandidaten kan - translitterere, normalisere og plassere innskrifter typologisk og kronologisk - forstå og omsetje enkle runeinnskrifter på norrønt - setje innskrifter i historisk og kulturhistorisk samanheng Norrønt språk Kunnskaper: Kandidaten har - kunnskap om norrøn språkstruktur (lydverk, formverk og setningsstruktur) ut over basisnivået - kunnskap om den språkhistoriske samanhengen norrønt inngår i - kjennskap til ulike norrøne teksttypar, normalisering og utgåver Ferdigheiter: Kandidaten kan - lese, forstå og omsetje tekstar i normalisert ortografi ved hjelp av grammatikk og ordbok - analysere og forklare grammatiske trekk i norrøne tekstar - setje norrøne tekstar i språk- og kulturhistorisk samanheng Generell kompetanse (begge varianter): Kandidaten kan bruke relevant fagterminologi til å presentere fagstoff munnleg og skriftleg med god språkføring

Lenker