LGU54013 - Religion, livssyn og etikk 1 (5-10)

Karakterfordeling

ABCDEF001210

Semester

Faglig Innhold

RLE1 i GLU 5-10 har desse områda: 1. Religionar og livssyn 2. Filosofi og etikk 3. Fagdidaktikk Emnet omhandlar ni fagemne: jødedom, kristendom, islam, hinduisme, buddhisme, anna religiøst mangfald, livssyn, etikk og filosofi. Vektlegginga av dei ulike fagemna vil vere om lag som i læreplanen for grunnskolen. I det systematiske arbeidet med religionane og anna fagstoff står tekstgrunnlag, samanlikning, kritikk, modernitet og religiøsitet blant unge i fokus. Nyare religions- og filosofihistorie og dei kulturelle forholda som ungdom veks opp i blir vektlagd. I samband med praksis vert merksemd retta mot dialog med ungdom og mellom ungdomar og etablering av ein god lærings- og klasseromkultur i faget.

Læringsmål

KUNNSKAP Studenten - har kunnskap om religionar og livssyn i faget: mangfald og ulike retningar, trusinnhald og oppfatningar, praksis, etikk og estetiske uttrykk, med særleg vekt på kristendommen og norske forhold - har kunnskap om religionshistorie med vekt på i nyare tid og særleg på kristendommens historie frå reformasjonen og framover - har kunnskap om heilage tekstar: hovudinnhald, historisk bakgrunn og sentrale forteljingar, med særleg vekt på Bibelen - har kunnskap om samanlikningar mellom religiøse tradisjonar og sekulære livssyn - har kunnskap om vestleg filosofihistorie, særleg menneskesyn og etikk - har kunnskap om humanisme som livssyn i historisk kontekst og som filosofisk perspektiv i ulike variantar i bryting med andre menneskesyn gjennom historia - har kunnskap om etiske teoriar og bruken av desse i høve til nokre aktuelle problemstillingar - har kunnskap om menneskerettane og FNs barnekonvensjon og diskusjonane om ulike konsekvensar av desse for undervisninga i RLE - har kunnskap om diskusjonane kring kognitiv forvirring i møte med religiøst og anna kulturelt mangfald - har kunnskap om grunnskolefaget si historie i hovudtrekk, grunngjeving, innhald og føremål - har kunnskap om sentrale arbeidsmåtar og vurderingsformer i faget i høve til dei aktuelle trinna - har kunnskap om barns og unges gudsomgrep, religiøse førestellingar og opplevingar - har kunnskap om kva religiøse seremoniar og høgtider har å seie for barn og unge - har kunnskap om reglement for fritak på religiøst og livssynsmessig grunnlag FERDIGHEITER Studenten - kan planleggje, gjennomføre og vurdere RLE-undervisning på ein sjølvstendig og fagleg gjennomtenkt måte med vekt på danningsperspektiv og dei fleirkulturelle utfordringane - kan setje seg inn i unge sine tankar og førestellingar om religiøse og filosofiske spørsmål og kan samtale med dei om dette - kan samtale med unge om tilhøve som oppstår i samband med vanskelege livssituasjonar - kan bruke sentrale arbeidsmåtar med vekt på dialog, utforsking, samanlikning og kritisk og analytisk arbeid i undervisning og læring - kan samarbeide med andre lærarar, elevar og heimen om faget - kan gjennomføre tilpassa opplæring i RLE, mellom anna med omsyn til elevar med bakgrunn i ulik tru og ulike livssyn - kan legge til rette for utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene i undervisninga - kan kombinere kravet om objektiv, kritisk og pluralistisk undervisning i RLE med varierte, elevaktive og engasjerande arbeidsmåtar - kan reflektere kritisk over innhaldet i faget og over verdimålsettingane for faget og over forholdet mellom fag, undervisning og eiga utvikling i yrkesutøvinga - kan bruke internett og digitale læremidlar på ein kritisk og pedagogisk måte i undervisninga GENERELL KOMPETANSE Studenten - har yrkesetisk kompetanse og kan sjå dette i samanheng med religiøse og livssynsmessige tradisjonar - kan leggje til rette for samarbeid mellom heimen, skolen og lokalmiljøet - har forståing for rolla som verdiformidlar i eit fleirkulturelt samfunn.

Lenker