Faglig Innhold
RLE1 i GLU 1-7 har desse områda: 1. Religionar og livssyn 2. Filosofi og etikk 3. Fagdidaktikk Emnet omhandlar åtte fagemne: jødedom, kristendom, islam, hinduisme, buddhisme, livssyn, etikk og filosofi. Vektlegginga av dei ulike fagemna vil vere om lag som i læreplanen for grunnskolen. I det systematiske arbeidet med religionane og anna fagstoff står forteljingar og høgtider i fokus. Eldre religions- og filosofihistorie, dei kulturelle forholda som barn veks opp i og dialogen mellom heimen og skolen blir vektlagd. I samband med praksis vert merksemd retta mot heim-skolesamarbeidet og etableringa av ein god lærings- og klasseromkultur.
Læringsmål
KUNNSKAP Studenten - har kunnskap om religionar og livssyn i faget: mangfald og ulike retningar, trusinnhald og - oppfatningar, praksis, etikk og estetiske uttrykk, med særleg vekt på kristendommen og norske forhold - har kunnskap om religionshistorie med vekt på eldre tid og særleg på kristendommens historie fram til og med reformasjonen - har kunnskap om heilage tekstar: hovudinnhald, historisk bakgrunn og sentrale forteljingar, med særleg vekt på Bibelen - har kunnskap om vestleg filosofihistorie med vekt på antikken, særleg menneskesyn og etikk, og om filosofering med barn - har kunnskap om humanisme som livssyn i historisk kontekst og som filosofisk perspektiv i ulike variantar i bryting med andre menneskesyn gjennom historia - har kunnskap om etiske teoriar og bruken av desse i høve til nokre aktuelle problemstillingar - har kunnskap om menneskerettane og FNs barnekonvensjon og diskusjonane om ulike konsekvensar av desse i høve til undervisninga i RLE - har kunnskap om diskusjonane kring kognitiv forvirring i møte med religiøst og anna kulturelt mangfald - har kunnskap om grunnskolefaget si historie i hovudtrekk, grunngjeving, innhald og føremål - har kunnskap om sentrale arbeidsmåtar i faget i høve til dei aktuelle trinna - har kunnskap om barns gudsomgrep, religiøse førestellingar og opplevingar - har kunnskap om kva religiøse seremoniar og høgtider har å seie for barn - har kunnskap om reglement for fritak på religiøst og livssynsmessig grunnlag FERDIGHEITER Studenten - kan planleggje, gjennomføre og vurdere RLE-undervisning på ein sjølvstendig og fagleg gjennomtenkt måte med vekt på danningsperspektiv og dei fleirkulturelle utfordringane - kan bruke sentrale arbeidsmåtar i RLE med vekt på arbeidet med høgtider, forteljingar og estetiske uttrykk - kan setje seg inn i borna sine tankar og førestellingar om religiøse og filosofiske spørsmål og kan samtale med dei om dette - kan samtale med barn om tilhøve som oppstår i samband med vanskelege livssituasjonar - kan samarbeide med andre lærarar, elevar og heimen om faget - kan gjennomføre tilpassa opplæring i RLE, mellom anna med omsyn til elevar med bakgrunn i ulik tru og ulike livssyn - kan kombinere kravet om objektiv, kritisk og pluralistisk undervisning i RLE med varierte, elevaktive og engasjerande arbeidsmåtar med tilsvarande vurderingsformer - kan legge til rette for utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene i undervisninga - kan reflektere kritisk over innhaldet og verdimålsettingane for faget i skolen og over forholdet mellom fag, undervisning og eiga utvikling i yrkesutøvinga - kan bruke internett og digitale læremidlar på ein kritisk og pedagogisk måte i undervisninga GENERELL KOMPETANSE Studenten - har yrkesetisk kompetanse og kan sjå dette i samanheng med religiøse og livssynsmessige tradisjonar - kan leggje til rette for samarbeid mellom heimen, skolen og lokalmiljøet - har forståing for rolla som verdiformidlar i eit fleirkulturelt samfunn