TPG4177
Karbonat reservoarkarakterisering
Sist undervist 2019
Høst
Trondheim
Norsk og Engelsk
Om emnet
Faglig innhold
Ein reknar med at karbonatreservoar vil bli den viktigaste hyrdrokarbon-kjelda i dette hundreåret. Kurset gjev ei innføring i evaluering av karbonatreservoar ved bruk av materiell frå akademia og industri. Grunnleggande terminologi og konsept vil bli undervist gjennom forelesingar, sjølvstudie-oppgåver, praktiske øvelser og obligatorisk prosjektoppgave. Karbonat-geologi og diagenese. Sekvensstratigrafi. Petrofysikk og seismikk i karbonat. Dette dannar basis for resten av kurset: Kva utfordringar gjev karbonat-reservoar? Eksempel på forskjellige karbonatreservoar vil bli brukt til å vise kor viktig det er med integrasjon av alle teknologi- og geofag for effektiv reservoarstyring. Det blir lagt vekt på integrasjon av forskjellige teknologi- og geodata gjennom forelesingar, praktiske øvelser og sjølvstudie-øvingar. Praktiske studier av forskjellige reservoar (Case studies). Data vil bli gjort tilgjengeleg for å lære å evaluere karbonatreservoar.
Læringsmål
Ingress:
Emnet gjev kompetanse innan evaluering av karbonatreservoar. Desse kan vere svært forskjellige frå klastiske sandsteinsreservoar og inneheld meir enn 50 % av jordas petroleumsreserver. Studentane lærer om geologien og petrofysikken til slike bergartar. Dei får også grunnleggande kunnskapar om bygging av reservoarmodeller, usikkerhetshåndtering samt risikovurdering og konsekvensen for økonomisk analyse, og seismikk. På slutten av semesteret skal dei gjere eit stort prosjekt i integrert tolking av eit karbonatreservoar der dei brukar alle tilgjengelege data. Ein må her rekne med fleire arbeidstimar enn normal i ca 3 veker. Desse ekstra timane blir kompenserte med fritid i andre periodar.
Kunnskapar:
Studentane skal forstå grunnleggande datatypar og aspekt ved karbonatreservoar og kunne samanstille data for å evaluere potensialet til slike reservoar. Dei samarbeider med studentar med annan kompetanse - slik som i eit oljeselskap.
Ferdigheiter:
Studentane skal ha innsikt i kompleksiteten til karbonatreservoar og vere i stand til å vurdere data frå slike reservoar, korleis systematisere data, tolke og bygge ein geologisk modell for karbonatreservoar som grunnlag for ein reservoarmodell, integrasjon med petrofysikk og seismikk samt forståing for konsekvensane av dei valg ein gjer med tanke på avsetningssystem, eigenskapsfordeling samt korleis teoriane nyttes i praksis for å bygge ein reservoarmodell.
Generell kompetanse:
Gruppearbeid og samarbeid med andre disiplinar innanfor utforskning og evaluering av petroleumsreservoar er ein viktig kompetanse for leiting etter olje. Dette er etterspurt av industrien. Kompetanse innanfor karbonatreservoar er generelt lav i Norge, og den kompetansen studentane får her, er det ikkje mange universitet i verda som kan gje dei.
Læringsformer og aktiviteter
Forelesningar og øvingar, sjølvstudie-oppgåver. Data vil bli gjort tilgjengeleg for gruppearbeid og sjølvstudium for å lære å evaluere karbonatreservoar. Obligatorisk gruppeprosjekt i semesteret. Undervisningen foregår på engelsk dersom internasjonale masterstudenter velger emnet.