TEP4150
Energiforvaltning og -teknologi
Sist undervist 2012
Vår og Høst
Engelsk
Om emnet
Faglig innhold
Del 1: Termodynamisk grunnlag - om det fysiske grunnlaget for forvaltning av energi. Kort om energi, energiformer, arbeidsmaskiner og andre prosessar. Kjemisk energi, brensel inkl. biomasse, brennverdi og forbrenningsutstyr, energi, karakterisering av energi, verknadsgrader, termodynamisk verdi av energi, energikvalitet; eksergi, anergi, irreversibilitet; termomekanisk (fysikalsk) og kjemisk eksergi. Energi- og eksergianalyse. Energi- og eksergibruk.
Del 2: Energi og samfunn - om samanhengen mellom samfunn og energibruk, sett frå ein energiteknologisk synsstad. Hovudtrekka i energisituasjonen i verda. Ulike energisystem og strukturen i dei: Utvinning/produksjon, transport, framføring, sluttbruk. Energi og effekt. Om endringar i systemet - integrering av nye energiberarar og -kjelder. Leidningsbundne og ikkje-leidningsbundne energisystem. Kva er eit "bærekraftig energisystem"? Energi, eksergi og samfunnsstruktur. Energi- og eksergianalysar for større verksemder og regionar. Utnytting av solenergi, geotermisk energi, bioenergi, saltkraft og andre fornybare kjelder. Økonomi og energi; noverdianalyse og energiberarar; økonomiske og andre verdiar. Å spå om framtida; - om å lage og tolke prognoser og scenario. Energi og etikk.
Læringsmål
Kunnskapar:
Studenten får kunnskap om:
- termodynamikk og samfunn.
- brenseltyper og forbrenningsutstyr.
- "nye" og "alternative" energikjelder og berarar (sol, geotermisk, hydrogen).
- solenergi.
- vindkraft.
- saltkraft, osmose.
- hav-varmekraft.
- bioenergi.
Studenten får innsikt i:
- energisituasjonen i verda; stode og utviklingstrendar.
- ulike typar energisystem; struktur framføring, sluttbruk; energi og effekt i (del)system.
- eksergianalyse av verksemder og regionar.
- integrering av nye energikjelder/-berarar i eksisterande system.
- samanheng mellom energi og økonomi.
Ferdigheiter:
Studenten skal vere i stand til å:
- finne eller rekne ut energi- og eksergiinnhald i alle slag energiberarar, inkludert brensel og andre kjemiske råstoff og produkt, og vite kva dette inneber (største utbytte, evt. minimum innsats).
- rekne ut energi- og eksergitap (irrever-sibilitet) i ulike varmetekniske og kjemiske prosessar.
- skilje mellom eigenskapar til leidningsbundne og ikkje leidningsbundne energisystem.
- finne meir kunnskap om ulike energi-teknologiar og vurdere denne.
Generell kompetanse:
Studenten skal ha forståing for:
- samanhengar mellom termodynamikk, samfunn og teknologi.
- kva eit berekraftig energisystem er.
Læringsformer og aktiviteter
Førelesingar, rekneøvingar, sjølvstudium. Semesteroppgåve (gruppe eller individuelt). Undervisninga er på engelsk dersom studentar som ikkje kan norsk tek emnet. Ved utsett eksamen (kontinuasjonseksamen) kan skriftleg eksamen verte endra til munnleg eksamen.