TELE1005
Datateknikk
Sist undervist 2019
Høst og Vår
Trondheim
Norsk
Om emnet
Faglig innhold
Tema Digitalteknikk: Talsystem og binære kodar. Boolesk algebra. Kombinatorisk og sekvensiell logikk. Minne.
Tema Datakommunikasjon: Line- og pakkesvitsjing, lagdelt kommunikasjonsmodell, applikasjonslaget, klient-/tenar-modellen, HTTP, transportlaget, ARQ, TCP, UDP, nettlaget, IP, DHCP, NAT, lenkjelaget, Ethernet, trådlause nett (WiFi WLAN), kryptering.
Tema Programmering: Kort om operativsystem. Kva er eit program. Kompilering og lenking. Data inn/ut. Datatypar, variablar, konstantar, operatorar. Kontrollstrukturar for val og repetisjon. Funksjonar og parameteroverføring. Tabellar. Strenger. Strukturar. Filbehandling. Programmering av enkle sensorsystem ved å bruka mikrokontrolleren Arduino. MATLAB, LabVIEW og C skal nyttast i denne delen av emnet.
Læringsmål
Kunnskapar:
Kandidatane skal forstå
– oppbygginga av talsystem og binære kodar
– skilnaden mellom kombinatorisk og sekvensiell logikk, og verkemåten til visse koplingar av desse typane.
– generelle kommunikasjonstekniske prinsipp og metodar.
– aktuelle teknikkar for pakkesvitsja datanett, med vekt på TCP/IP (Internett) og IEEE 802.3 (Ethernet og WiFi).
– grunnleggjande verkemåte for ei datamaskin
– kva kompilering og lenking er
– kva dei einskilde delane i eit dataprogram er (som variablar, operatorar, peikarar, kontrollstrukturar osb.)
Dugleikar:
Kandidatane skal kunna
– rekning, konvertering og forenkling av tal og enkle booleske uttrykk
– analysera og konstruera enkle kombinatoriske og sekvensielle koplingar
– meistra visse kvantitative utrekningar for ARQ og IP-adressering.
– meistra grunnleggjande bruk av protokollanalysatorapplikasjonen Wireshark.
– formulera ei problemstilling slik at ho er programmerbar.
– utforma program vha. MATLAB, Arduino C og LabVIEW.
– programmera enkle sensorsystem vha. mikrokontrolleren Arduino.
Generell kompetanse:
– Kandidatane skal kunna taka i bruk datamaskiner som programmerbare og kommuniserande verkty, slik dei vil møta dei på emneområdet sitt i studiet og i yrkeslivet.
Læringsformer og aktiviteter
Førelesingar, skriftlege øvingar, dataøvingar og laboratorieøvingar.