TBBY6313
Tilstandsvurdering og byggeledelse i restaureringsprosjekt
Sist undervist 2023
Høst og Vår
Trondheim
Norsk
Om emnet
Faglig innhold
I bygningsvernet er tilstandsvurdering av restaureringsobjekta sentralt for å få eit godt grunnlag for det vidare arbeidet. For å utføre vurderingar av tilstand er kjennskap til det historiske bygghandverket og relevant materialkunnskap sentralt. Analyse av skadebilete basert på innsikt i eksisterande konstruksjon kan krevje fagleg samarbeid med andre handverksfag eller tilstøytande fagområde og innsamling av relevant informasjon for arbeidet. Rapportering i form av ulike typar rapportar og kommunikasjon med involverte partar som eigar, forvaltning, tilsette eller andre føretak er sentralt for å få til god gjennomføring av restaureringsprosjekt. Gjennom å studere erfaringar og resultat frå ein del utvelde restaureringsprosjekt vil vi fremje drøftingar av prosjekta og prosessane. Gjennom øvingar og fordjupingsoppgåver med rettleiing vil kandidatane få relevante erfaringar.
Læringsmål
En kandidat som har bestått emnet er venta å ha følgande totale læringsutbytte i høve til studieplanen si beskriving av emnet, definert som kunnskap og ferdigheter:
Kunnskap
Kandidaten:
- har grunnleggande kjennskap til historisk bygghandverk og materialkunnskap
- Har kjennskap til korleis ulike typar bygningsdokumentasjon kan gi ulike sluttresultat i restaureringsprosjekt
- har kjennskap til kulturminneforvaltninga
- har kjennskap til aktørar og roller i ulike typar restaureringsprosjekt
- har kjennskap til ulike handverksfag og andre fagmiljø med relevant kompetanse for ulike restaureringsprosjekt, bestillerkompetanse opp mot desse fagmiljøa
Ferdigheter
Kandidaten:
- kan gjennomføre bygningsdokumentasjon og tilstandsvurdering
- kan lage ei skriftlig framstilling av bygningsdokumentasjon og tilstandsvurdering med kulturminnefaglige drøftingar
- kan gjennomføre eit større prosjekt basert på gruppearbeid
- kan kartlegge, identifisere og beskrive relevante skadar på bygningar og bygningsdelar som utgangspunkt for tiltak i restaureringsarbeid
Læringsformer og aktiviteter
Ekskursjonar, feltarbeid, seminar, førelesningar og øvingsoppgåver. Kurset er basert på tre konsentrerte samlingar. Aktiv deltaking på samlingane med følgande øvingsoppgåver er nødvendig for å kunne gjennomføre kurset.