TBBY1015
Tradisjonsfaglig utøving stavkonstruksjoner
Vår og Høst
Trondheim
Norsk
Om emnet
Faglig innhold
Dette emnet heng saman med emnet TBBY1014 og TBBY1016 og har også fokus på tradisjonelle stavkonstruksjonar. Tradisjonsfaglig utøving utgjør ein vesentlig del av grunnutdanninga i bachelorløpet i tradisjonelt bygghandverk der læring skjer gjennom eige praktisk arbeid.
Gjennom deltaking og opplæring under rettleiing ved ein læringsarena, skal studenten tileigne seg brei og allsidig innsikt i praktisk arbeid innan tradisjonelt bygghandverk.
I emnet er det lagt opp til prosjektbasert arbeid med rettleiing. Læringsarena i samarbeid med NTNU arbeider fram en prosjektplan som ramme for praksisen på læringsarena.
Prosjektplanen bør ha stavkonstruksjonar som ein vesentleg del, men også andre typar byggjearbeid kan inngå ettersom det høver for læringsarena og studentane.
Læringsmål
Kunnskap
Kandidaten har kjennskap til:
- konstruksjonsprinsipp i ulike typar stavkonstruksjonar med bjelkelag og taklag
- lokale tradisjonelle stavkonstruksjonar og byggjeprinsippa dei er basert på
Ferdigheter
Kandidaten kan:
- gjennomføre stavbyggjeprosjekt frå uttak av tømmer til ferdig bygg, på eige hand, og som del av eit større arbeidslag
- merke og hogge vanlege typar skøytar og fellingar for stavkonstruksjonar
- demonstrere ulike typar arbeid relevant for bygging av tradisjonelle stavkonstruksjonar og vise godt handlag i arbeidet med tradisjonelle handverktøy
Generell kompetanse
Kandidaten kan:
- dokumentere oppbygging og detaljar i tradisjonelle stavbygg
- bruke ulike typar kjelder for å undersøkje lokal stavbyggtradisjon
- utvikle eige handverksfaglege nivå gjennom systematisk øving
Læringsformer og aktiviteter
Praktisk prosjektbasert arbeid på læringsarena med fagleg rettleiing og rapportering av utført arbeid. Arbeidet kan også i noko grad bestå av ekskursjonar, feltarbeid, hospitering eller arbeidsseminar.
Aktiv deltaking på i det praktiske arbeidet er nødvendig for å kunne gjennomføre kurset.
Obligatoriske aktivitetar
- Obligatorisk aktiv deltaking i det praktiske arbeidet i tråd med prosjektplanen
- Obligatorisk rapport, blogginnlegg eller munnleg presentasjon av valt fordjupingsemne
- Obligatorisk rapport for gjennomført praksis i tråd med prosjektplan