TBBY1014
Introduksjon til stavkonstruksjoner
Vår og Høst
Trondheim
Norsk
Om emnet
Faglig innhold
I Noreg har vi ein rik tradisjon med ulike lokale- og regionale typar av tradisjonelle stavkonstruksjonar. Tradisjonelt er mange ulike typar brukshus som ikkje skal vere oppvarma bygd som stavkonstruksjonar. Også kombinasjonar av liggande tømmer og stavar er vanleg mange stader.
Med utgangspunkt i konkrete døme på eldre tradisjonelle stavbygg vil vi gi ei innføring i arbeidsmåtane i bygging av slike bygg. Arbeidet byrjar i skogen der vi vel ut emne med høvelege eigenskapar til dei enkelte delane av bygget. Tømmeret vert så utforma på ulike tradisjonelle måtar slik at det høver som emne til bruk i bygget.
Studentane skal sjølv få høve til å følgje materialane dei har produsert frå skog til ferdig bygg. I arbeidet er det fokus på innføring i bruk av sentrale verktøy som øks, sag, tappjarn, vinkel og ulike tradisjonelle merkeverktøy.
Læringsmål
Kunnskap
Kandidaten har kjennskap til:
- konstruksjonsprinsipp i ulike typar stavbygg med bjelkelag og taklag
- verkemåten til dei ulike konstruktive delane av tradisjonelle stavbygg
- ulike kvalitetskrav til material til ulike delar av tradisjonelle stavbygg og takkonstruksjonar
Ferdigheter
Kandidaten kan:
- ta ut egna tømmer og tilverke emne ferdig til bruk i eit stavbygg
- utføre vanlege samanføyingar brukt i tradisjonelle stavkonstruksjonar ved bruk av tradisjonelle arbeidsmåtar og verktøy
- bruke, og halde ved like, tradisjonelle handverktøy brukt til bygging av tradisjonelle stavbygg
Generell kompetanse
Kandidaten kan:
- beskrive dei ulike delane av vanlege stavbygg med tradisjonelle nemningar
Læringsformer og aktiviteter
Studiesamlingar med innføring i det praktiske arbeidet med eigeøving. Øvingsoppgåver, ekskursjonar, feltarbeid, seminar og førelesningar kan inngå.
Kurset er basert på konsentrerte samlingar. Aktiv deltaking på samlingane med følgande øvingsoppgåver er nødvendig for å kunne gjennomføre kurset.
Obligatoriske aktivitetar
- Obligatorisk deltaking på samlingane
- Obligatorisk praktiske øvingsoppgåver
- Obligatoriske oppgåver med skriftleg innlevering