TBBY1012
Tradisjonsfaglig utøving tømring
Vår
Trondheim
Norsk
Om emnet
Faglig innhold
Emnet høyrer saman med emna TBBY1010 og TBBY1013 og har også fokus på tømring. Tradisjonsfaglig utøving utgjer ein vesentleg del av grunnutdanninga i bachelorløpet i tradisjonelt bygghandverk der læring skjer gjennom eige praktisk arbeid.
Gjennom deltaking og opplæring under rettleiing ved ein læringsarena, skal studenten tileigne seg brei og allsidig innsikt i praktisk arbeid innan tradisjonelt bygghandverk.
I emnet er det lagt opp til prosjektbasert arbeid med rettleiing. Læringsarena i samarbeid med NTNU arbeider fram ein prosjektplan som ramme for praksisen på læringsarena.
Prosjektplanen bør ha eit eller fleire tømringsprosjekt som ein vesentleg del, men også andre typar byggjearbeid kan inngå ettersom det høver for læringsarena og studentane.
Læringsmål
Kunnskap
Kandidaten har kjennskap til:
- vanlege lokale typar nover i tømring, og lokale/regionale typar tømmerhus
- lokal tradisjon kring materialuttak og tilverking av tømmer til ulike delar av tømmerhus
Ferdigheter
Kandidaten kan:
- gjennomføre tømringsprosjekt frå uttak av tømmer til ferdig bygg, på eige hand og som del av eit større arbeidslag
- merke og hogge lokal novtype, vanlege skøytar og ta ut opningar for vindauge/dører og felle inn beitskier med tradisjonelle handverktøy
- demonstrere ulike typar arbeid innan tradisjonell tømring og vise godt handlag med bruk av tradisjonelle handverktøy
Generell kompetanse
Kandidaten kan:
- bruke ulike typar kjelder for å undersøkje lokal tømrartradisjon
- utvikle eige handverksfaglege nivå gjennom systematisk øving
- kvesse og tilpasse eige verktøy til bruk i arbeidet
Læringsformer og aktiviteter
Praktisk prosjektbasert arbeid på læringsarena med fagleg rettleiing og rapportering av utført arbeid. Arbeidet kan også i noko grad bestå av ekskursjonar, feltarbeid, hospitering eller arbeidsseminar. Aktiv deltaking i det praktiske arbeidet er nødvendig for å kunne gjennomføre kurset.
Obligatoriske aktivitetar
- Obligatorisk aktiv deltaking i det praktiske arbeidet i tråd med prosjektplanen
- Obligatorisk skriftleg rapport av valt fordjupingsemne
- Obligatorisk rapport for gjennomført praksis i tråd med prosjektplan