SKOLE6033

Skriving og lesing i begynneropplæringa

Vår

Trondheim

Norsk

Oversikt

Snitt

C

3,33

0,76

Ståprosent

100 %

likt

Karakterfordeling
Snitt over tid
Ståprosent over tid

Om emnet

Faglig innhold

Emnet tek føre seg teoretiske og didaktiske inngangar til skrive- og leseopplæringa i dei første skuleåra.

Gjennom emnet skal studentane tileigne seg kunnskap om språk- og tekstkompetansen til dei yngste skulebarna, for å kunne legge til rette for god skrive- og leseopplæring. Barn si utprøving av ulike semiotiske ressursar i eiga meiningsskaping vil stå sentralt, som grunnlag for ulike inngangar til lese- og skriveopplæringa. Emnet som heilskap vil vere forankra i teori og nyare forsking. Eit gjennomgåande perspektiv vil vere samspelet mellom elevane sine eigne erfaringar, interesser og ressursar på den eine sida og systematisk opplæring på den andre. Målet er at studentane skal utvikle evna til å ta sjølvstendige og grunngjevne val i arbeidet med å leggje til rette for god opplæring i tidleg skriving og lesing.

Læringsmål

Kunnskap

Studenten har

  • teoretisk kunnskap om ulike perspektiv på barn si utvikling av lese- og skrivekompetanse i dei første skuleåra
  • brei kunnskap om didaktiske tilnærmingar til tidleg skriving og lesing - inkludert strukturerte og utforskande arbeidsmåtar
  • kunnskap om faglege tilnærmingar som kan førebyggje lese- og skrivevanskar og fremje skrive- og leseutvikling hjå elevar med ulik fagleg ståstad og ulik språkbakgrunn

Ferdigheiter

Studenten kan

  • leggje til rette for utforskande, kreativt og leikprega arbeid med språk og tekst i den første skrive- og leseopplæringa
  • bruke samtale om elevane sine eigne tekstar på hensiktsmessige måtar for å styrkje elevane sitt språklege medvit og utvikle lese- og skrivekompetanse
  • vurdere kvar elevane er i lese- og skriveutviklinga si og nytte dette som grunnlag for tilpassa opplæring
  • analysere barn sine tekstar med vekt på ulike formål med skrivinga

Generell kompetanse

Studenten kan

  • analysere og vurdere relevante problemstillingar knytte til tidleg skrive- og leseopplæring
  • gjere seg nytte av innsikter frå forsking på språklæring, skriving og lesing i planlegging og gjennomføring av undervisning
  • gjere kritiske vurderingar av undervisningsressursar utvikla for den første skrive- og leseopplæringa

Læringsformer og aktiviteter

Emnet går over eitt semester med tre fysiske samlingar i Trondheim. Oppmøte på samlingane er obligatorisk.

Mellom samlingane blir det lagt opp til sjølvstudium, arbeid med ulike oppdrag og deltaking på læringsplattforma - individuelt og i grupper.

Undervisninga vekslar mellom forelesingar, diskusjonar, praktiske øvingar, tekstseminar og studentpresentasjonar - både munnlege og skriftlege. Arbeidd med akademisk lesing og skriving blir knytt til aktivitetar undervegs.

Obligatoriske aktivitetar:

  • Framlegg på samling
  • Analyse av elevtekst
  • Innhenting av empiri frå eigen praksis (til arbeid på samling og som førebuing til eksamen)