SKOLE6005
Å utvikle de yngste elevenes språklige og matematiske kompetanse - grunnleggende perspektiv, strukturer og innganger
Sist undervist 2020
Vår
Trondheim
Norsk
Om emnet
Faglig innhold
Dette emnet gir studentane fagleg og teoretisk grunnlag for å legge til rette for utvikling og refleksjon kring opplæringa i skriving, lesing og matematikk blant dei yngste elevane. Studentane skal undersøke og kartlegge elevane sin kompetanse, og på bakgrunn av dette gi kvalifisert og utviklande rettleiing til elevar med ulik bakgrunn og ulike føresetnader. Dei skal også lære å arbeide systematisk for å forebygge skrive-, lese- og matematikkvanskar.
Innanfor lesing, skriving og samtale legg ein særskilt vekt på utvikling av elevanes metaspråklege medvit, forankra i teori om språklege strukturar. Ulike inngangar til tekstkomptetanse ¿ i vid tyding ¿ er vektlagt, basert på oppdatert forsking om tidleg literacy.
Innafor matematikk vil ein legge vekt på arbeid med teljing, talforståing og medvit om matematiske mønster og strukturar som veg til utvikling av matematisk kompetanse. Ein vil studere elevars arbeid med matematiske problem, både med omsyn til korleis ulike reiskapar som tekstar, illustrasjonar, diagram og abstraksjonsmateriale kan bidra til læring i matematikk, og korleis elevane sine uttrykk kan vere ein ressurs for læraren.
Læringsmål
Kunnskap
Studenten
- har teoretisk kunnskap og medvit om språklege og matematiske strukturar som dannar grunnlag for begynnaropplæringa
- har kunnskap om barn si utvikling av omgrep, ordforråd, symbolforståing, talforståing og språkleg medvit
- har kunnskap om kommunikasjon og munnleg kompetanse som grunnlag for læring av skriving, lesing og matematikk
- har teoribasert kunnskap om multimodalitet i relevante medium (t.d. barnelitteratur og læringsressursar) og i barn sin tekstproduksjon
- har kunnskap om norsk som andrespråk, fleirspråklege praksisar og kulturelt mangfald som ressurs i begynnaropplæringa
- har teoretisk og forskingsbasert kunnskap om ulike tilnærmingsmåtar og metodar i skrive-, lese- og matematikkopplæringa
- har kunnskap om faglege tilnærmingsmåtar som kan forebygge lese-, skrive- og matematikkvanskar og fremje utvikling hos elevar med ulike faglege ståstader
Ferdigheiter
Studenten
- kan ta i bruk teoretisk kunnskap og forskingsbaserte innsikter i arbeid med språk og matematikk i ulike samanhengar
- kan legge til rette for språkutvikling og omgrepslæring i ei mangfaldig og samansett elevgruppe, og dra vekslar på elevane sine resonnement
- kan nytte barnelitteratur og «kvardagstekstar» som ressurs i begynnaropplæring
- kan legge til rette for fleirfaglege og utforskande arbeidsmåtar i og på tvers av fag
- kan planlegge, gjennomføre og presentere ein empirisk og teoretisk fundert studie basert på observasjon og analyse av ei gruppe elevar sitt arbeid med skriving, lesing og matematikk i ulike fag og aktivitetar
Generell kompetanse
Studenten
- kan analysere og vurdere relevante problemstillingar knytte til tidleg skrive-, lese- og matematikkopplæring
- kan gjere seg nytte av innsikter frå fagleg og didaktisk forsking i planlegging og gjennomføring av begynnaropplæring i skriving, lesing og matematikk
- kan bidra til utviklingsarbeid som kan fremme fagleg og didaktisk nytenking innanfor eit breitt begynnaropplæringsfelt
Læringsformer og aktiviteter
Forelesingar, diskusjonar i grupper og i plenum, studentpresentasjonar basert på praksiserfaringar og utprøving av undervisningsopplegg, dialog via læringsplattform mellom samlingane.