SKOLE6004
Fagovergripende perspektiv på den første skrive-, lese og matematikkopplæringen
Sist undervist 2020
Høst
Trondheim
Norsk
Om emnet
Faglig innhold
I dette emnet skal studentane vidareutvikle sin faglege kunnskap om munnleg, skriftleg og multimodal språk- og tekstutvikling, og om matematisk utvikling. Symbolforståing og utvikling av ordforråd og omgrepsforståing og er sentralt. Studentane skal få kunnskap om samtale, forteljing, høgtlesing og tekstskaping som ressursar i begynnaropplæringa, og i utvikling av barns evne til å kommunisere med andre. Elevane sine kvardagserfaringar frå leik, omgang med ulike typar tekstar og matematisk utforsking vil bli nytta som ressurs for å utvikle matematiske omgrep, språkleg medvit og evne til språkleg samhandling.
Studentane skal lære om ulike tilnærmingar til lesing, skriving og matematikk, og om å legge opplæringa til rette for elevar med ulike faglege behov. Dei skal kjenne til språklege utfordringar som kan knytast til utvikling av omgrep, ordforråd og språkleg samhandling blant andrespråkselevar, samtidig som dei skal kunne utnytte språkleg mangfald som ein pedagogisk ressurs.
Læringsmål
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om barns utvikling og læring av språk, skriving, lesing og matematikk og om samanhengar mellom desse felta
- har kunnskap om utvikling av ordforråd og omgrepsforståing hos elevar, både med norsk og andre språk som morsmål
- har kunnskap om forteljing, samtale og samhandling som ressurs i skrive-, lese- og matematikkopplæring
- har kunnskap om bruk av multimodale ressursar og semiotiske representasjonar i skriving, lesing og matematikk og på tvers av fagfelta
- har kunnskap om barnelitteratur og estetiske læringsmåtar som ressurs i begynnaropplæring
- har kunnskap om ulike tilnærmingar til lesing, skriving og matematikk, og om utforskande arbeidsmåtar i begynnaropplæringa
Ferdigheter
Studenten
- kan bruke elevane sine ulike uttrykksformer, t.d. frå leik og samtale, for å få innsikt i uformelle språk- og matematikkunnskapar, og kunne utnytte desse i vidare læring
- kan planlegge, gjennomføre og analysere faglege og fleirfaglege undervisningsopplegg der utforskande arbeid med ulike semiotiske ressursar er sentrale element
- kan gjennomføre teoribaserte analysar av ulike typar læringsressursar (t.d. læreverk, barnelitteratur, kartleggingsverktøy eller digitale ressursar)
- kan planlegge, tilrettelegge og gjennomføre undervisningsopplegg for elevar med ulik språkleg bakgrunn og ulik fagleg ståstad
- kan undersøke og kartlegge elevar si utvikling innan skriving, lesing og matematikk og nytte erfaringane som grunnlag for tilpassa opplæring
Generell kompetanse
Studenten
- har fagovergripande perspektiv på arbeid med skriving, lesing, matematikk og munnlege ferdigheiter
- kan legge til rette for og utnytte utforskande, kreative og estetiske arbeidsmåtar i og på tvers av fag på småtrinnet
- kan tilpasse undervisninga til enkeltelevar og elevgrupper med ulike behov
- har oppdatert kunnskap om relevant fagdidaktisk forsking innanfor begynnaropplæring i ulike fag
Læringsformer og aktiviteter
Forelesingar, diskusjonar i grupper og i plenum, studentpresentasjonar basert på praksiserfaringar og utprøving av undervisningsopplegg, dialog via læringsplattform mellom samlingane.