SANT3024

Etnografisk metode og prosjektdesign

Høst

Trondheim

Norsk og Engelsk

Oversikt

Snitt

B

3,57

0,02

Ståprosent

100 %

likt

Karakterfordeling
Snitt over tid
Ståprosent over tid

Om emnet

Faglig innhold

Dette emnet utfordrar deg til å sjå samanhengar mellom val av tema, felt og problemstilling og kva metodar du kan bruke for å generere materiale til ditt forskingstema på ein systematisk og etisk forsvarleg måte.

Emnet gjev deg kunnskap om samfunnsvitskaplege metodar, med fokus på dei særeigne etnografiske metodane og den antropologiske forskingsprosessen.

Du får også kunnskap om korleis du skal utvikle og formgje eller designe ditt eige forskingsprosjekt der det er logiske samanhengar mellom forskingsspørsmåla dine samt val av teoretiske perspektiv og metodar.

Læringsmål

Ein student som har fullført emnet skal ha oppnådd følgjande læringsutbytte, definert i kunnskap, evner, og generell kompetanse:

Kunnskap

  • har etnografisk og tematisk kunnskap om det området som masterprosjektet omhandlar.
  • har inngåande kunnskap om korleis teori og metode heng saman i etnografisk forsking, og evnar å velje metodar utifrå tematikken du skal undersøkje.
  • har inngåande kunnskap om prosjektutvikling og om korleis dei ulike delane av eit forskingsprosjekt heng saman.
  • kan identifisere og reflektere over etiske dilemma som forskingsprosjektet og feltundersøkinga set fokus på.

Ferdigheter

  • kan finne, vurdere og diskutere eksisterande forskingslitteratur som er relevant i forhold til eit gitt forskingstema.
  • kan formulere og operasjonalisere problemstillingar og forskingsspørsmål.
  • kan utarbeide og fomgje eit forskingsprosjekt.

Generell kompetanse

  • kan kritisk vurdere om prosjektet kan gjennomførast både fagleg og metodisk.
  • kunne vurdere samanhengen mellom etnografiske metodar og eit gitt kjeldemateriale.
  • kan kritisk vurdere risiko og etiske problemstillingar.

Læringsformer og aktiviteter

Forelesingar, heildagsseminar og bibliotekskurs. Undervisinga er på norsk og engelsk.