NORX1106

Språkhistorie og talemål - for utvekslingsstudenter

Vår

Trondheim

Norsk

Oversikt

Snitt

B

3,75

likt

Ståprosent

100 %

likt

Karakterfordeling
Snitt over tid
Ståprosent over tid

Om emnet

Faglig innhold

Same som i NORD1106. Som generell regel er det ikkje krav om å meistre både bokmål og nynorsk med NORX-kode. Det er heller ikkje like høge krav til korrekt språkbruk som i ordinære nordiskemne (med NORD-kode). NORX-emne kan derfor ikkje brukast i ein norsk universitetsgrad eller kvalifisere for opptak til lærarutdanning.

Læringsmål

Same som NORD1106.

Læringsformer og aktiviteter

Undervisningsformer: førelesingar, gruppeundervisning med obligatoriske øvingar.

Obligatorisk aktivitet:

  • Minimum 75 % deltaking i fellesundervisninga
  • Inntil 8 godkjente kortfatta øvingsoppgåver (skriftlege og/eller munnlege) med tilknyting til gruppeundervisninga.

I emnet skal studenten oppfylle eit obligatorisk arbeidskrav som består av inntil 8 kortfatta øvingsoppgåver. Dette er skriftlege og/eller munnlege øvingar som er knytte til gruppeundervisninga, og som blir vurderte til godkjent / ikkje godkjent. Meir informasjon og retningslinjer blir gitt ved semesterstart.

Fråværsgrensa skal dekkje normalt sjukdomsfråvær og liknande. Du får derfor ikkje gyldig forfall til undervisning på grunnlag av legeattest, sjølv om fråværet skyldast hindringar som du ikkje kan lastast for. I særlege tilfelle kan det gjerast avtale med emneansvarleg om unntak frå fråværsgrensa, helst ved semesterstart.

Krav til målform: Eksamen og obligatoriske øvingar i NORX1106 skal skrivast på bokmål eller nynorsk.

Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig i to semester (semesteret godkjenninga blir gjeven og påfølgjande semester).