NORD3104

Spesialiseringsemne i nordisk språkvitenskap

Høst

Trondheim

Norsk

Oversikt

Snitt

B

3,80

0,09

Ståprosent

100 %

likt

Karakterfordeling
Snitt over tid
Ståprosent over tid

Om emnet

Faglig innhold

Emnet gir ei teoretisk fordjuping innanfor eitt eller fleire utvalde tema i nordisk språkvitskap. Det kan vere knytt til ulike språkvitskaplege disiplinar (t.d. grammatikk, pragmatikk, sosiolingvistikk) eller eit tverrdisiplinært tema som inkorporerer fleire av desse underdisiplinane. Emnet kan byggje på tema som er utforska i emna på fordjupingsnivå.

Læringsmål

Kunnskapar

Kandidatar som har bestått dette emnet:

  • har omfattande kunnskap om eit sentralt tema innan nordisk språkvitskap
  • kan vise innsikt i akademiske tilnærmingar og metodar som er relevante for analysar av tema som emnet tar for seg

Ferdigheiter

Kandidatar som har bestått dette emnet:

  • kan bruke relevant teori og akademiske tekstar frå dei relevante fagfelta
  • kan skrive omfattande tekster av analytisk og/eller argumenterande art om eit språkvitskapleg tema i tråd med akademiske normer for kjeldebruk, sitering, referansar o.l.

Læringsformer og aktiviteter

Forelesingar og/eller seminar.

Obligatoriske aktivitetar: Inntil 2 godkjende oppgåver av munnleg eller skriftleg karakter. Krav til omfang og utforming blir fastsett av emneansvarleg og kunngjort ved semesterstart. Skriftlege arbeidskrav skal skrivast på nynorsk.

Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig i to semester (semesteret godkjenninga blir gitt og påfølgjande semester).