NORD3103
Spesialiseringsemne i nordisk litteratur
Høst
Trondheim
Norsk
Om emnet
Faglig innhold
Emnet NORD3103 skal vere eit fordjupingsemne innanfor eit sentralt nordisk forfattarskap. Studentane les 4-5 litterære verk og 200-300 sider biografi, teori, sekundær- og faglitteratur.
Læringsmål
Kunnskapar:
- kandidaten har detaljert innsikt i eit sentralt nordisk forfattarskap, i resepsjonshistoria til dette, og i perioden forfattaren verka i
Ferdigheiter:
- kandidaten kan gi ein god og oversiktleg presentasjon av eit sentralt nordisk forfattarskap
- kandidaten kan analysere eit (eller fleire) verk i lys av karakteristiske trekk ved forfattarskapet
- kandidaten kan anvende og demonstrere god kjennskap til forsking på forfattarskapet
Læringsformer og aktiviteter
Undervisningsforma er seminarbasert. Det blir forventa aktiv deltaking frå studentane i form av innlegg, kommentarar og liknande.
Obligatoriske aktivitetar: Inntil 2 godkjende skriftlege og / eller munnlege arbeidskrav. Krav til omfang og utforming blir fastsett av emneansvarleg og kunngjort ved semesterstart. Skriftlege arbeidskrav skal skrivast på nynorsk.
Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig i to semester (semesteret godkjenninga blir gitt og påfølgjande semester). Obligatorisk aktivitet frå tidlegare semester kan godkjennast av instituttet.