NORD2200
Eldre språk
Høst
Trondheim
Norsk
Om emnet
Faglig innhold
Det faglege innhaldet i emnet skiftar mellom runologi og norrønt språk. Hausten 2026 blir det undervist i runologi.
Runologi
I denne varianten blir studentane kjende med norske runeinnskrifter. Studentane får kunnskap om runene som eige skriftsystem, synkront og diakront, og om både den språklege og innhaldsmessige sida av innskriftene. Emnet gjev ei oversikt over heile tidsrommet runene var i bruk, med hovudvekt på vikingtids- og middelalderruner i det norrøne området i vid forstand.
Norrønt språk
I denne varianten får studentane større innsikt i norrøn språkstruktur og betre kjennskap til norrønt språk enn det basisnivået gjev. Studentane skal bli i stand til å arbeide sjølvstendig med norrøne tekstar og kunne analysere desse språkleg. Dei skal også få språkhistoriske og filologiske bakgrunnskunnskapar som set den norrøne grammatikken i ein samanheng, og studentane skal kjenne noko til variasjon innanfor norrønt.
Læringsmål
Runologi
Kunnskaper: Kandidaten har
- kunnskap om runene som eige skriftsystem, ulike variantar av runealfabetet (fuþarken) og korleis runeskrifta utvikla seg over tid
- kunnskap om både den språklege og den innhaldsmessige sida ved runeinnskrifter
- kunnskap om runenes historiske og kulturhistoriske kontekst
Ferdigheiter: Kandidaten kan
- translitterere, normalisere og plassere innskrifter typologisk og kronologisk
- forstå og omsetje enkle runeinnskrifter på norrønt
- setje innskrifter i historisk og kulturhistorisk samanheng
Norrønt språk
Kunnskaper: Kandidaten har
- kunnskap om norrøn språkstruktur (lydverk, formverk og setningsstruktur) ut over basisnivået
- kunnskap om den språkhistoriske samanhengen norrønt inngår i
- kjennskap til ulike norrøne teksttypar, normalisering og utgåver
Ferdigheiter: Kandidaten kan
- lese, forstå og omsetje tekstar i normalisert ortografi ved hjelp av grammatikk og ordbok
- analysere og forklare grammatiske trekk i norrøne tekstar
- setje norrøne tekstar i språk- og kulturhistorisk samanheng
Generell kompetanse (begge varianter):
Kandidaten kan bruke relevant fagterminologi til å presentere fagstoff munnleg og skriftleg med god språkføring
Læringsformer og aktiviteter
Undervisningsformer: Førelesingar/seminar og oppgåveskriving. I runologi er det normalt ein ekskursjon for å sjå på fysiske runeinnskrifter.
Obligatoriske aktivitetar: Inntil 4 obligatoriske aktivitetar, fastsett av emneansvarleg ved semesterstart. Dette kan inkludere deltaking på ekskursjon i runologi-varianten. Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig i to semester (semesteret godkjenninga blir gjeven og påfølgjande semester).