MUSV3128
Popanalyse - Sats og analyse i populærmusikk
Vår og Høst
Trondheim
Norsk
Om emnet
Faglig innhold
Året er 1965 og George Martin foreslår for The Beatles at dei skal bruke ein strykekvartett på «Yesterday». Dette er ein av dei første gongane strykarar blir brukt på ein popsong. I jazzverda, som hos Sinatra og Nat King Cole, har dette vore gjort lenge men å blande klassiske musikarar inn i pop er nytt. I dag er dette veldig vanleg.
Korleis løyser ein møtet mellom musikarar som er vant til utskrivne notar med musikarar som er vant til gehørspeling? Har klassiske notasjonsformer noko praktisk funksjon i møtet med maskiner og elektriske instrument? Kan vanlege satslærereglar komme til nytte? Har crossover ein eigenverdi, eller er kombinasjonen pop og klassiske musikarar ein umogleg konstruksjon?
I emnet skal vi sjå på dette ved å studere eksempel; både frå jazz, pop og crossover. Vi skal plukke frå einannan vellukka arrangement og komposisjonar for ulike besetningar; stryk, storband og symfoniorkester. Vi skal også analysere popsongar harmonisk og auditivt.
Læringsmål
Kunnskap:
Ein kandidat som har fullført kvalifikasjon i emnet MUSV3128
- har auka oversikt over ulike måtar orkester har vore, eller blir brukt på i populærmusikk, både stilistisk og ulike besetningar og sjangrar.
- har auka forståinga om korleis klassiske musikarar brukast i populærmusikalsk samanheng.
- har auka kunnskap om funksjonen til eit arrangement i ei låt.
- har auka kunnskap om korleis ein kan nytte musikkteori i møtet med gehørmusikarar.
Ferdigheiter:
En kandidat som har fullført kvalifikasjon i emnet MUSV3128
- kan formulere sin kunnskap på ein overbevisande måte i både skriftleg og munnleg form.
- kan analysere populærmusikk i ulike sjangrar og tidsepokar både når det gjeld harmonikk, form, og arrangement.
Læringsformer og aktiviteter
Forelesninger og seminar.