MGLU4510

Regionsstudie (Midtøsten og UK/Irland) og sammenlignende perspektiver på samfunnsfag (5-10)

Sist undervist 2024

Vår

Trondheim

Norsk

Oversikt

Snitt

C

3,29

0,34

Ståprosent

100 %

likt

Karakterfordeling
Snitt over tid
Ståprosent over tid

Om emnet

Faglig innhold

Fagleg innhald

Emnet inneheld eit regionsstudium av to regionar (Midtausten og UK/Irland) og ein del som samanliknar samfunnsfaga som skulefag i Noreg og UK/Irland. Midtaustendelen av studiet handlar om utviklinga i nyare tid fram mot sjølvstendige statar, demokratitilhøve, sentrale konfliktar (irekna ressurskonfliktar), og om korleis aktørar utanfor regionen har påverka utviklinga i Midtausten. UK/Irlandsdelen er konsentrert om politiske system og strukturar, samanlikna med Noreg. Den fokuserer dessutan på regionale variasjonar, konfliktar i og mellom ulike delar av regionen og drøftar eit utval aktuelle politiske spørsmål i regionen. Ein samanliknande studie av samfunnsfaga som tilsvarer det norske samfunnsfaget 5-10 med det norske samfunnsfaget i eit område i regionen, er og ein del av emnet. Denne delen tematiserer ulikskap i læreplanar og andre styringsinstrument, i lærebøker og andre læringsressursar og dessutan utviklingsliner og pågåande utviklingsarbeid og samfunnsfagdidaktiske orienteringar og tenking. Emnet inneheld og eit feltkurs til UK og/eller Irland med friviljug deltaking, med program tilpassa emneinnhaldet.

Læringsmål

Læringsutbyte

KUNNSKAP

Studenten

  • har inngåande kunnskap om statsutvikling, demokratiforhold, ytre stormaktsinnblanding og konfliktar i Midtausten i nyare tid.
  • har avansert kunnskap om og kan samanlika politiske system, partisystem, valordningar og utvalde politiske konfliktliner i UK/Irland med tilsvarande i Noreg.
  • har inngåande kunnskap om etnisk, sosio-demografisk og økonomisk ulikskap/variasjon i dei to regionane.
  • har inngåande kunnskap om regional samanlikning og teoriar om regional utvikling og regionale skilnader.
  • har inngåande empirisk kunnskap om etniske konfliktar og avansert kunnskap om teoriar om etnisk dominans og konflikt.
  • har inngåande kunnskap nokon av dei skolefaga i UK/Irland som tilsvarer eller inngår i det norske samfunnsfaget 5-10, og om utviklingsliner og pågåande utviklingsarbeid i desse.

FERDIGHEITER

Studenten

  • kan samanlikna sosio-demografiske, økonomiske og politiske tilhøve og utviklingsliner i regionane.
  • kan finna, vurdera, velja ut og tilpassa relevante fagkjelder til bruk i skulen.
  • kan planleggja, gjennomføra og vurdera samanliknande undervisning.
  • kan gjennomføra samanliknande skulefaganalyser.
  • kan vurdera kva omsyn samfunnsfagundervisning om konfliktområde eller i klassar med elevar frå område med akutt konflikt kan eller bør ta.
  • kan vurdera skilnadene mellom objektivitet, nøytralitet, ballanse og kritisk openheit med tanke på undervisning om politiske tilhøve og konfliktar
  • kan analysera og forhalda seg kritisk til ulike konfliktsyn og ulike oppfatningar av rettferd og likeverd.

GENERELL KOMPETANSE

Studenten

  • kan planleggja ekskursjonar utanfor skulens nærområde
  • kan bruka innsikter frå masterfaget i utviklingsarbeid saman med andre faglærarar.

Læringsformer og aktiviteter

Førelesingar, seminar med studentpresentasjonar, øvingar/studentoppgåver. Sjølvstendig arbeid og arbeid i grupper. Det kan organiserast feltkurs med frivillig studentdeltaking i United Kingdom og/eller Irland med programpostar som er relevante for emneinnhaldet.