MGLU4509
Nasjon, folkestyre og globalisering for samfunnsfag (5-10)
Sist undervist 2024
Høst
Trondheim
Norsk
Om emnet
Faglig innhold
I det fyrste hovudområdet i emnet byggjer me vidare på fagleg innhald i Samfunnsfag 1 del 2 og Samfunnsfag 2 ved å analysera framvoksteren av europatankar og fylgja prosessen fram mot dagens EU. Saman med det storpolitiske biletet i etterkrigstida og viktige økonomiske utviklingsliner, skal den økonomiske globaliseringa også trekkjast inn i ei overordna drøfting av forfatning, nasjon og demokrati, men med særleg vekt på Noreg og diskusjonar og konfliktar om politisk og økonomisk globalisering og verknadene desse prosessane har på det norske samfunnet og på folkestyret. Globaliseringsvenlege og globaliseringskritiske posisjonar og ytringar koplar tematikken med det andre hovudområdet i emnet: Ytring og media i fortid og notid. Dette skal studerast med fokus på fagskriving, tekst- og diskursanalyse og kritisk tenking i samfunnsfag, ein tematikk der forskarblikk og forskingsmetode møter skulefag, grunnleggjande ferdigheiter i samfunnsfag og samfunnsfagdidaktisk tenking. Dei fleste av casestudia vil vera henta frå ordskifte og medieytringar om Noregs plass i Europa og verda etter 1945.
Læringsmål
KUNNSKAP
Studenten
- har avansert kunnskap om tilhøvet mellom nasjon, folkestyre og globalisering og om konsekvensar for forfatninga av globaliseringsutviklinga.
- har inngåande kunnskap om internasjonal arbeidsdeling og ulike former for internasjonalt samarbeid
- har avansert kunnskap om utviklinga fram imot samtidas EU, om styrings- og demokratiutfordringar i denne unionen og om korleis konfliktar knytte til globalisering har påverka skiljeliner og samarbeidsmønster i norsk politikk etter 1945.
- har avansert kunnskap om aktørar, posisjonar, interesser og konfliktar i spørsmål som vedkjem Noregs tilhøve til inter- og overnasjonale samarbeidsformer
- har inngåande kunnskap om ytringsformer i det offentlege rommet, om retoriske teknikkar og om medias skiftande rolle som kulisse for og aktør i meiningsdanning.
- har avansert kunnskap om fagskriving, tekst- og diskursanalyse både som inngang til forsking og som utgangspunkt for kritisk dannande samfunnsfagundervisning.
FERDIGHEITER
Studenten
- kan analysera og forholda seg kritisk til forsking om globalisering og bruka denne innsikta i undervisninga.
- kan bruka diskurs- og tekstanalyse i eiga fagskriving og som utgangspunkt for fagdidaktisk tilrettelegging for skulen.
- kan finna, vurdera, velja og bruka mediekjelder i tilrettelegging for samfunnsfagleg læring.
- kan vurdera munnlege og skriftlege elevtekstar om politiske tilhøve og konfliktar.
GENERELL KOMPETANSE
Studenten
- kan analysera offentleg meiningsdanning og meiningsbryting med utgangspunkt i innsiktene frå masterfaget.
- kan analysere og vurdere relevante faglige og etiske problemstillinger knyttet til mediebruk
Læringsformer og aktiviteter
Førelesingar, sjølvstendig arbeid og arbeid i grupper. Seminar. «Kollegaveiledning». Løysing av obligatoriske og andre oppgåver individuelt og i grupper.