MGLU4201

Norskdidaktikk - Didaktiske, teoretiske og kulturelle innfallsvinkler

Høst

Trondheim

Norsk

Oversikt

Ståprosent

89 %

3 poeng

Karakterfordeling
Ståprosent over tid

Om emnet

Faglig innhold

Norskdidaktikk - didaktiske, teoretiske og kulturelle innfallsvinklar dreiar seg om norskfagets utvikling og samansette fagdidaktikk og kunnskapsinnhald. I tillegg til at denne forståinga er viktig for studentane som lærarar, er det også eit poeng at studentane blir øvde i å sjå kunnskapsinnhaldet i faget innanfor ein større vitskapleg tradisjon som framtidige masterskrivarar.

Emnet skal bidra med å gi perspektiv på og sjå heilskap og samannhengar i norskfaget og norskdidaktikken gjennom historiske, kulturelle og estetiske inngangar. Kultur- og danningsdimensjonen i faget blir vektlagd, saman med perspektiv på språk og tekst i endring og utvikling. Emnet skal gi innsikt i overordna teoriar om språk og litteratur - og bruken av desse i analysar av ulike typar tekstar og diskursar. Desse teoriane møter studentane igjen i meir spesifikke samanhengar seinare i studiet. Forskingsmetodiske perspektiv blir også tematiserte.

Læringsmål

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kunnskap om norskfaget i skulen, dei ulike hovedområda og grunnleggende trekka ved dannings- og kulturmålsettingar i faget
  • har systematisk oversikt over relevante teoriar om språk og litteratur, tekst og diskursar
  • har sjølvstendig innsikt i vitskapleg tilnærming til norskfaget og norskdidaktikken
  • har inngåande kunnskap om kva føringar ulike tekstkulturar, språkleg mangfald og språkendring legg for norskfaget

Ferdigheiter

Studenten

  • kan ta i bruk og reflektere kritisk over relevante teoriar, metodar og tolkingar som kan knytast til hovudområda i norskdidaktikken
  • kan analysere og bruke faghistorisk innsikt på ein sjølvstendig måte i refleksjonar over praktiske og teoretiske norskfaglege spørsmål
  • kan analysere og forhalde seg kritisk til forskingsmetodiske problemstillingar i faglitteraturen

Generell kompetanse

Studenten

  • kan plassere aktuell norskdidaktisk forsking i ein teoretisk og faghistorisk samanheng, som grunnlag for kritisk refleksjon og utvikling av eigen fagposisjon
  • kan ta i bruk fagleg og didaktisk kunnskap i analysar av relevante norskfaglege problemstillingar i skulen og omsette dette til relevant praksis
  • kan formidle og diskutere problemstillingar knytte til overordna historiske, faglege og kulturelle føringar/dimensjonar i norskfaget

Læringsformer og aktiviteter

Refleksjons- og tenkearbeidet til studentane vil i stor grad handle om å binde saman dei ulike elementa i emnet, gjennom arbeid med pensum.

Arbeids- og læringsformene i studiet vekslar mellom førelesingar, seminar, studentpresentasjonar og diskusjonar. Det blir stilt høge krav til studentmedverknad, og det blir forventa at alle studentane bidrar aktivt i studiet. Noko undervising kan føregå på engelsk.