MGLU2515

Norsk 2 (5-10): Literacy, språk og språkdidaktikk

Høst

Trondheim

Norsk

Oversikt

Snitt

C

3,28

0,37

Ståprosent

100 %

likt

Karakterfordeling
Snitt over tid
Ståprosent over tid

Om emnet

Faglig innhold

Norsk 2 bygger på norsk 1 og omfattar norskundervisning for 5.-10. trinn med vekt på ungdomstrinnet. Emnet gir meir omfattande kunnskap om sentrale språklege emne, djupare innsikt i aktuelle fagdidaktiske spørsmål og eit betre grunnlag for arbeid med læringsfremjande vurdering og tilpassa norskopplæring for alle elevar. Emnet gir òg studentane gode høve til å vidareutvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne. Undervisning om vitskapleg metode inngår i arbeidet med fagtekstar.

Emnet fokuserer på norsk språk (system og bruk), norsk som andrespråk, talemålsvariasjon, nabospråk og samisk i norskfaget. Eit sentralt arbeidsområde handlar om korleis ein kan bruke språk- og tekstkunnskap aktivt i utviklingsfremjande arbeid med lesing, skriving og munnleg kommunikasjon.

Læringsmål

KUNNSKAP

Studenten

  • har omfattande kunnskap om språkleg variasjon og norsk som første- og andrespråk
  • har kjennskap til språkstruktur og grammatikkens metaspråk
  • har kunnskap om språkhistorie, språklege endringsprosessar i eldre og nyare tid og gjeldande normering av nynorsk og bokmål
  • har kunnskap om samisk språk, nasjonale minoritetsspråk og nabospråk
  • har kjennskap til særtrekk ved den talespråklege praksisen til ungdom
  • har brei kunnskap om inkluderande og utviklingsfremjande arbeid med språk og kommunikasjon i den vidare lese-, skrive og munnlegopplæringa
  • har kunnskap om relevant fagdidaktisk forsking

FERDIGHEITER

Studenten

  • kan bruke kunnskap om grammatikk, språk og tekst i analyse av tekstar i ulike sjangrar, modalitetar og medium, inkludert elevtekstar
  • anvende grammatikkens metaspråk aktivt
  • kan gi tilpassa språkopplæring for elevar med varierande ferdigheiter i munnleg og skriftleg norsk
  • kan bruke kunnskap om mangfald i språk og kultur som ein ressurs i norskfaget
  • kan bruke relevante metodar og ny teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i lese-, skrive- og munnlegopplæringa på 5. til 10. trinn
  • kan vurdere ulike aspekt ved språkdidaktikk og språkleg mangfald og grunngi vurderingane

GENERELL KOMPETANSE

Studenten

  • kan formidle fagstoff om språk, tekstar og medium i relevante uttrykksformer
  • kjenner til, kan vurdere og ta i bruk norskdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kjenner til enkelte forskingsetiske problemstillingar
  • kan planlegge og gjennomføre norskfagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på 5.-10. trinn i samarbeid med andre, og sjå samanhengar mellom teori og praksis
  • kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk

Læringsformer og aktiviteter

Studentane vil møte varierte arbeidsformer, inklusiv forelesingar, studentaktive arbeidsformar (verkstad) og gruppearbeid. Dei vil også møte både formative og summative vurderingsformer.

Studiet fordrar stor eigenaktivitet av studentane. Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff på eiga hand utanom den organiserte undervisningstida, deltar i gruppearbeid knyt til undervisinga og held seg oppdatert gjennom læringsplattforma. Vidare er det forventa at dei bruker biblioteket aktivt og møter førebudde til undervisninga.

Studentar med funksjonsnedsetjing og studentar med særskilde behov kan søkje om individuell tilrettelegging av studiet og eksamen (Universitets- og høgskulelova § 10-5). Ver venleg og ta kontakt med studierettleiar for programmet (e-post: studier@ilu.ntnu.no).