MDV6245
Traumatisering hos barn og unge - forebygging av omsorgssvikt, overgrep, selvskading, selvmord og voldelig ekstremisme.
Sist undervist 2022
Vår
Trondheim
Norsk
Om emnet
Faglig innhold
Emnet gir ei grundig innføring i nevrobiologisk forståing av vald og omsorgssvikt, og gir opplæring i korleis ein kan møta barn og unge som er utsette for traumatiske hendingar. Dette inkluderer barn og unge med minoritetsbakgrunn samt barn og unge med seksuelle åtferdsproblem. Vidare gir emnet grunnleggjande teoretisk forståing av sjølvskading og sjølvmordsåtferd samt korleis ein kan nytta denne i eigen klinisk kvardag. Til sist gir emnet ei innføring i valdeleg ekstremisme og radikalisme samt måtar å førebyggja dette på.
Læringsmål
Kunnskapsmål: Etter fullført emne skal studentane ha god kjennskap til nyare traumeforståing og forstå korleis denne kan nyttast i møte med traumatiserte barn og unge. Herunder forståing for kva traumebevisst tilnærming er. Dei skal kunna reflektera over skilnader i denne forståinga samanlikna med ei forståing som har fokus på barnet si åtferd og åtferdsregulering.
- Studentane skal ha særleg kjennskap til grupper av unge som er sårbare for å utvikla PTSD og andre lidingar grunna utfordrende oppvekst. Dette gjeld m.a. barn som bur i barnevernsinstitusjonar og barn av psykisk sjuke og foresatte som misbrukar rus.
- Studentane skal ha kunnskap om det å vera barn i ein flyktning- og migrasjonsprosess og kva særlege utfordringar dette gir.
- Studentane skal ha oversikt over ulike teoretiske tilnærmingar om sjølvmord og sjølvskading, og skal kunna nytta dei viktigaste av desse i eit førebyggjande perspektiv.
- Dei skal ha særleg kjennskap til samanhengen mellom suicidalitet og psykiatriske lidingar, og samanhengen mellom det å vera utsett for seksuelle overgrep og sjølvskadaråtferd.
- Dei skal kunna gjengi hovudprinsippa i DBT-behandling som er den behandlartilnærminga som kan visa til best resultat i førebyggjing av kronisk sjølvskadeåtferd.
- Dei skal vidare ha kunnskap om sorgprosessar som pårørande barn går gjennom etter at dei har mista nokon nære i sjølvmord, samt korleis dei kan hjelpa barna i denne prosessen.
- Studentane skal gjengi viktige forståingsmåtar av radikalisering og valdeleg ekstremisme, og korleis førebyggja slik ekstremisme.
Dugleiksmål: Etter endt emne skal studentane kunna nytta prinsippa for traumebevisst omsorg, og tilpassa desse etter kva for barn og unge dei samtalar med, herunder sårbare grupper som barn med minoritetsbakgrunn, i institusjon, barn og unge med seksuelle åtferdsproblem og barn og unge som står i ein radikaliseringsprosess.
Dei skal ha godkjent Vivatkurset. Dette kurset er eit empirisk fundert sjølvmordsførebyggjingsprogram. Etter endt Vivatkurs skal studentane vera meir kompetente og tryggare i å intervenera i akutte sjølvmordskriser.
- Dei skal kunna fanga opp menneske som har det vanskeleg og kan vera i sjølvmordsfare.
- Dei skal kunna stilla direkte spørsmål om sjølvmordstankar.
- Dei skal kunna hjelpa personen i sjølvmordsfare å snakka om det som er vanskeleg.
- Dei skal kunna laga og implementera ein plan med vedkomande, kor målet er å berga liv.
- Dei skal kunna bruka lokale og andre ressursar i krisehjelp.
- Studentane skal kunna hjelpa sjølvmordsnære til å nytta seg av ulike typar hjelpe- og behandlingstilbod som er retta mot denne gruppa.
- Studentane skal forstå når barn og unge er i faresonen for å bli radikalisert, og vita korleis ein då skal intervenera.
Generell kompetanse: Etter fullført emne skal studentane ha
- større refleksiv kapasitet knytta til temaene gjennomgått i undervisningen.
- Dei skal også ha større kompetanse til å vurdera og anvenda den teoretiske kunnskapen i praksis, samt kunna utvikla denne kompetansen vidare.
- Dei skal ha fått større sjølvtillit og tru på eigen kompetanse i møte med komplekse problemstillingar innenfor fagområdet.
Læringsformer og aktiviteter
Emnet er samlingsbasert. Studieform: Forelesningar og gruppearbeid. Rettleiing i samband med emneoppgåve og under Vivatkurset.
Det er plass til 25 studenter på emnet. Ved mindre enn 15 påmeldte vil det bli vurdert om emnet gjennomføres.