LITT2203
Fordypningsemne i litteratur etter 1800
Sist undervist 2019
Høst og Vår
Trondheim
Norsk
Om emnet
Faglig innhold
Det faglege innhaldet i emnet - tema og teori - vil variere frå studieår til studieår. Emnet gir eit vidaregåande kurs i avgrensa emne innanfor nyare, framfor alt europeisk og nordisk, litteratur frå romantikken og fram til i dag.
Emnet kan sette søkjelys på ein bestemt epoke, eit straumdrag eller ein sjanger (symbolismens lyrikk, den naturalistiske romanen, det moderne dramaets gjennombrott, absurdismens litteratur, 1900-talets modernistiske lyrikk osv.) eller vere tematisk avgrensa.
Dei kan også sette lys på litteraturen i ein sosial, idéhistorisk og tverrestetisk samanheng (til dømes impresjonismen i kunst og litteratur, 1910-tallets modernisme i teater, musikk, kunst og litteratur), eller adaptasjonar mellom litteratur og andre medie.
Læringsmål
Studentane sine kvalifikasjonar etter gjennomført emne:
- har spesialisert kunnskap om eit avgrensa emne frå perioden 1800 til i dag
- forstår og kan reflektere over litteraturen i ein større estetisk, historisk, sosial og kulturell samanheng
- kan formidle fagstoffet kritisk og sjølvstendig i skriftleg og munnleg form
- kan formulere ei problemstilling ut frå ei gitt oppgåve og skrive ein akademisk fagtekst
Læringsformer og aktiviteter
Undervisningsform: Forelesingar/seminar. Det krevst aktiv munnleg deltaking av studentane.
Obligatoriske aktivitetar:
Godkjend(e) munnleg(e) og/eller skriftleg(e) oppgåve(r) og/eller test(ar) (vert fastsett av emneansvarleg).