LGU54010
Musikk 2 (5-10): Utøvende og skapende musikk, kultur og samfunn
Sist undervist 2020
Vår
Trondheim
Norsk
Om emnet
Faglig innhold
Musikk 2 har desse hovudkomponentane: Allsidig opplæring i musikalsk leiing og utøvande og skapande verksemd, grunnleggande innføring i ulike sider ved musikk, kultur og samfunn, innføring i kunstfagsbasert forskings og utviklingsarbeid.
Studiet dreier seg om korleis musikkfaget kan bidra til personleg vekst og danning for elevar på 5.-10. trinn, samstundes som studentane skal vidareutvikle ferdigheiter og kunnskapar i musisering og dans/rørsle, lytting og komponering.
Dei fagdidaktiske delane av musikk 2 er elles i særleg grad retta mot skolen som læringsmiljø og læringsfellesskap i eit fleirkulturelt samfunn. Sentrale tema er kulturelt og musikalsk fellesskap og læring, t.d. i det friviljuge musikklivet; uformell musikkopplæring, t.d. gjennom media og internett, og ulike former for musikalsk læringsarbeid knytt til instansar utanom skolen.
Musikk 2 omfattar norsk og internasjonal forskingsbasert kunnskap knytt til musikkopplæring for elevar på 5.- 10. trinn, og relevante metodar for fagdidaktisk forskings- og utviklingsarbeid.
Undervisingsstoff og arbeidsmåtar i praksisopplæringa skal også gi studentane ferdigheiter, kunnskap og erfaring som gjer dei godt kjende med musikalsk ungdomskultur.
Læringsmål
Kunnskap
Studenten
- har solid kunnskap om analoge og digitale læringsressursar og læringsmateriell som er utvikla til bruk i skolefaget på 5.- 10. trinn og til uformelle læreprosessar utanom skolen, t.d. på internett, og kunne vurdere desse kritisk
- har kunnskap om kjenneteikn på eit mangfaldig og inkluderande læringsmiljø og fellesskap for musikalsk læring for trinna 5-10
- har solid kunnskap om musikkteori og om musikalsk sjanger-, komposisjons-, og formlære, og om representativ musikk frå ulike tider og i ulike kulturar
- har kjennskap til historia til profesjonsrelevante sider av musikkfaget som vitskaps- og utøvingsfag
- har kunnskap om musikk og følelseskunnskap og om ulike sider ved musikkens verknad på sinn og kropp, særleg med vekt på musikalsk ungdomskultur
Ferdigheiter
- Studenten
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere ulike læreprosessar knytt til musikk, dans/rørsle og skolekonsertar for trinna 5-10 og drøfte korleis skolen og samfunnet kan leggje til rette for slike opplevingar som del av musikkopplæring
- kan framføre et variert repertoar av song og musikk, musikalsk og uttrykksfullt, åleine, og i samspel med andre i skolen og på andre opplæringsarenaer
- kan improvisere, komponere, arrangere og produsere, utøve og leie, og framføre musikk på konsertar og i andre offentlege rom
- kan vise eit godt utvikla musikkgehør som kan danne grunnlag for musikalsk forståing, eiga musisering og skaping
- kan notere eigne komposisjonar og leggje til rette musikalsk materiale for ulike framføringsføremål og for musikkundervisning og læreprosessar på trinna 5-10
- kan reflektere over og drøfte musikkens rolle i det fleirkulturelle samfunnet med særleg vekt på samspelet mellom musikalsk ungdomskultur og musikktradisjonar frå ulike kulturar
- kan drøfte kva rolle uformelle opplæringsarenaer betyr for musikk- og danseopplæring av elevar på 5.-10. trinn og kva for verknad slike erfaringar kan ha for musikkopplæringa på skolen
- kan vurdere og analysere musikk med utgangspunkt i teori om estetikk og kulturutvikling
- kan vurdere, analysere og delta i varierte fagdidaktiske forskings- og utviklingsprosessar
Generell kompetanse
Studenten
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere ei heilskapleg musikkopplæring i samarbeid med skolen sine samarbeidspartnarar og i tråd med gjeldande læreplan for grunnskolen
- kan vurdere ulike verktøy for elevvurdering i musikkfaget og samanlikne med tilsvarande for andre fagområde, og kommunisere grunnlaget for vurdering til elevar, føresette, kollegaer og skoleleiing
Læringsformer og aktiviteter
Undervisningsformane skiftar mellom gruppeundervisning i større og mindre gruppar, førelesningar, gruppearbeid og praktisk musisering.
Studentane skal:
- jobbe med praktiske disiplinar og utvikle kunnskap og ferdigheiter i musisering, samspel, komposisjon, arrangering, musikkforståing, leiing og formidling.
- opparbeide kunnskap om ulike muikksjangrar, musikken sin verdi i samfunnet, og gjere seg kjent med kompositoriske virkemiddel i de ulike historiske epokar.
- Jobbe med fagdidaktiske metoder særskilt tilrettelagt for elevar på 5.-10.trinn
Stor grad av eigeninnsats er nødvendig. Studentane vil få rettleiing på deler av arbeidet individuelt og gruppevis. Det vert lagt vekt på ei prosessorientert undervisning med studentaktive arbeidsformer med det musiske og skapande i sentrum.