LGU53010
Religion, livssyn og etikk 2 (5-10)
Sist undervist 2019
Høst og Vår
Trondheim
Norsk
Om emnet
Faglig innhold
RLE2 i GLU 5-10 har desse områda:
1. Religionar og livssyn
2. Filosofi og etikk
3. Fagdidaktikk
Emnet omhandlar ni fagemne: jødedom, kristendom, islam, hinduisme, buddhisme, anna religiøst mangfald, livssyn, etikk og filosofi. Det religiøse mangfaldet i fokus for RLE2 er samisk religion, sikhisme og bahai. Vektlegginga av dei ulike fagemna vil vere om lag som i læreplanen for grunnskolen.
I arbeidet med religionane og anna fagstoff står modernitet, perspektivmangfald, kjeldekritikk, medborgarskap og danningsspørsmål i fokus. Eldre religions- og filosofihistorie blir vektlagd.
I samband med praksis vert merksemd retta mot utfordringane knytte til læringsorienterte vurderingar i høve til haldnings- og trusspørsmål..
Læringsmål
KUNNSKAP
Studenten
- har kunnskap om viktige trus - og livstolkingar i religionane, anna religiøst mangfald i historisk og aktuelt perspektiv, med vekt på europeiske og meir globale forhold
- har kunnskap om religionshistorie med vekt på eldre tid og særleg på kristendommens historie fram til og med reformasjonen
- har kunnskap om heilage tekstar med viktige forteljingar i religionane, deira litterære uttrykk og sjangrar, verknadshistorie, hermeneutikk og historisk-vitskaplege perspektiv på tekstane
- har kunnskap om samisk religionshistorie
- har kunnskap om samanlikningar mellom religiøse tradisjonar og praksisar
- har kunnskap om sekulære livstolkingar med vekt på ideologiar
- har kunnskap om vestleg filosofihistorie med vekt på antikken
- har kunnskap om religiøse, humanistiske og naturalistiske verdiperspektiv i møte med aktuelle utfordringar som spørsmål om liv og død, kjønn og likestilling, seksualitet, økonomi, miljø og ressursbruk, rusmiddel og rusmisbruk
- har kunnskap om FNs internasjonale konvensjonar om menneskerettane og ILOkonvensjonen om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar, samt aktuell diskusjon om menneskerettsomgrepet
- har kunnskap om grunnskolefaget si historie med særleg vekt på tida etter 1997 og ulike løysingar på religions- og filosofiundervisninga i andre land
- har kunnskap om eit breitt utval av mogelege arbeidsmåtar i faget og tilsvarande vurderingsformer
FERDIGHEITER
Studenten
- kan bruke eit breitt utval av varierte arbeidsmåtar med vekt på utforskande samtalar
- kan vurdere lærebøker og andre læremiddel i faget, òg i eiga undervisning
- kan lage lokale læreplanar i RLE
- kan reflektere over eiga utvikling i yrkesutøvinga som RLE-lærar
- kan integrere dei grunnleggande ferdigheitene i RLE-undervisninga: kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg, lese ulike typar tekstar og rekne
- kan tolke korleis tekstar, kunst og arkitektur uttrykkjer meining i RLE-emna, gjennom sjangrar, symbol, metaforar og andre verkemiddel
- kunne bruke digitale verktøy med særleg blikk for kjeldekritikk i høve til søk etter informasjon og etiske spørsmål om nettetikette og personvern
- kan bruke prinsippa for erfaringsbasert forsking i eiga verksemd som RLE-lærar
GENERELL KOMPETANSE
Studenten
- kan gjere greie for ulike konsekvensar av verdigrunnlaget for skolen
- kan sjå ungdomskultur og samfunn elles i samanheng med religionar og livssyn
Læringsformer og aktiviteter
Arbeidsformer og vurderingsordning blir sett i samanheng. Arbeidsformene vekslar mellom førelesning, arbeid med oppgåver (individuelt og i gruppe), diskusjonar, munnlege studentpresentasjonar og ekskursjonar.
Læringsaktiviteter i emnet omfattar lesing og lytting, produksjon av munnlege og skriftlege tekster, samt interaksjon med kvarandre, undervisningspersonale og representantar for trus- eller livssynsorganisasjonar eller andre institusjonar vi møter.
For lærarar i grunnskolens religions- og livssynsfag er det viktig å kunne lese fagtekster og andre tekster kritisk og analytisk og å lytte til elevar, foreldre, kollegaer og andre med vilje til innleving og læring. Tilsvarande er det viktig å kunne uttrykke seg klart både skriftleg og munnleg i møte med desse gruppene og offentlegheita. Undervisninga i emnet omfattar øving i å uttrykke seg, både skriftleg og munnleg i ulike sjangrar med ulike formål, og på bakgrunn av faglitteratur og erfaring.
Arbeidsformer og læringsaktivitetar dannar grunnlag for tileigning av fag og fagutøving, og det er derfor viktig å delta i undervisninga.
Kostnader til ekskursjon må påregnes