LGU52011
Religion, livssyn og etikk 1 (5-10) emne 2
Sist undervist 2018
Høst og Vår
Norsk
Om emnet
Faglig innhold
RLE1 i GLU 5-10 har desse områda:
1. Religionar og livssyn
2. Filosofi og etikk
3. Fagdidaktikk
Emnet omhandlar ni fagemne: jødedom, kristendom, islam, hinduisme, buddhisme, anna religiøst mangfald, livssyn, etikk og filosofi. I RLE1, emne 2 er det fokus på følgjande fagemnar: kristendom, hinduisme, buddhisme, anna religiøst mangfald og etikk. Vektlegginga av dei ulike fagemna vil - emne 1 og 2 sett under eitt - vere om lag som i læreplanen for grunnskolen.
I det systematiske arbeidet med religionane og anna fagstoff står tekstgrunnlag, samanlikning, kritikk, modernitet og religiøsitet blant unge i fokus. Nyare religions- og filosofihistorie og dei kulturelle forholda som ungdom veks opp i blir vektlagd.
I samband med praksis vert merksemd retta mot dialog med ungdom og mellom ungdomar og etablering av ein god lærings- og klasseromkultur i faget.
Læringsmål
KUNNSKAP
Studenten
- har kunnskap om religionar og livssyn i faget: mangfald og ulike retningar, trusinnhald og oppfatningar, praksis, etikk og estetiske uttrykk, med særleg vekt på kristendommen og norske forhold
- har kunnskap om religionshistorie med vekt på i nyare tid og særleg på kristendommens historie frå reformasjonen og framover
- har kunnskap om heilage tekstar: hovudinnhald, historisk bakgrunn og sentrale forteljingar, med særleg vekt på Bibelen
- har kunnskap om samanlikningar mellom religiøse tradisjonar og sekulære livssyn
- har kunnskap om etiske teoriar og bruken av desse i høve til nokre aktuelle problemstillingar
- har kunnskap om menneskerettane og FNs barnekonvensjon og diskusjonane om ulike konsekvensar av desse for undervisninga i RLE
- har kunnskap om sentrale arbeidsmåtar og vurderingsformer i faget i høve til dei aktuelle trinna
- har kunnskap om barns og unges gudsomgrep, religiøse førestellingar og opplevingar
- har kunnskap om kva religiøse seremoniar og høgtider har å seie for barn og unge
- har kunnskap om reglement for fritak på religiøst og livssynsmessig grunnlag
FERDIGHEITER
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere RLE-undervisning på ein sjølvstendig og fagleg gjennomtenkt måte med vekt på danningsperspektiv og dei fleirkulturelle utfordringane
- kan setje seg inn i unge sine tankar og førestellingar om religiøse og filosofiske spørsmål og kan samtale med dei om dette
- kan samtale med unge om tilhøve som oppstår i samband med vanskelege livssituasjonar
- kan bruke sentrale arbeidsmåtar med vekt på dialog, utforsking, samanlikning og kritisk og analytisk arbeid i undervisning og læring
- kan samarbeide med andre lærarar, elevar og heimen om faget
- kan gjennomføre tilpassa opplæring i RLE, mellom anna med omsyn til elevar med bakgrunn i ulik tru og ulike livssyn
- kan legge til rette for utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene i undervisninga
- kan kombinere kravet om objektiv, kritisk og pluralistisk undervisning i RLE med varierte, elevaktive og engasjerande arbeidsmåtar
- kan reflektere kritisk over innhaldet i faget og over verdimålsettingane for faget og over forholdet mellom fag, undervisning og eiga utvikling i yrkesutøvinga
- kan bruke internett og digitale læremidlar på ein kritisk og pedagogisk måte i undervisninga
GENERELL KOMPETANSE
Studenten
- har yrkesetisk kompetanse og kan sjå dette i samanheng med religiøse og livssynsmessige tradisjonar
- kan leggje til rette for samarbeid mellom heimen, skolen og lokalmiljøet
- har forståing for rolla som verdiformidlar i eit fleirkulturelt samfunn.
Læringsformer og aktiviteter
Arbeidsformer og vurderingsordning blir sett i samanheng. Arbeidsformene vekslar mellom førelesning, arbeid med oppgåver (individuelt og i gruppe), diskusjonar, munnlege studentpresentasjonar og ekskursjonar.
Læringsaktiviteter i emnet omfattar lesing og lytting, produksjon av munnlege og skriftlege tekster, samt interaksjon med kvarandre, undervisningspersonale og representantar for trus- eller livssynsorganisasjonar eller andre institusjonar vi møter.
For lærarar i grunnskolens religions- og livssynsfag er det viktig å kunne lese fagtekster og andre tekster kritisk og analytisk og å lytte til elevar, foreldre, kollegaer og andre med vilje til innleving og læring. Tilsvarande er det viktig å kunne uttrykke seg klart både skriftleg og munnleg i møte med desse gruppene og offentlegheita. Undervisninga i emnet omfattar øving i å uttrykke seg, både skriftleg og munnleg i ulike sjangrar med ulike formål, og på bakgrunn av faglitteratur og erfaring.
Arbeidsformer og læringsaktivitetar dannar grunnlag for tileigning av fag og fagutøving, og det er derfor viktig å delta i undervisninga.