LGU52004

Musikk 1 (5-10) emne 2: Komposisjon og fagdidaktiske emner

Sist undervist 2018

Høst og Vår

Norsk

Oversikt

Snitt

B

4,18

0,35

Ståprosent

100 %

3 poeng

Karakterfordeling
Snitt over tid
Ståprosent over tid

Om emnet

Faglig innhold

Musikk 1 5-10, Emne 2, har desse hovudkomponentane: Grunnleggande opplæring i utøvande, lyttande og skapande verksemd, innføring i musikkfaget sine deldisiplinar og innføring i skolefaget musikk slik det er forma for trinna 5-10 i gjeldane læreplan.
Dei fagdidaktiske delane av studiet er i særleg grad sikta inn mot musikklæraren sitt arbeid med elevar si faglege læring på trinna 5-10. Undervisningsstoff og arbeidsmåtar i praksisopplæringa skal også gi studentane ferdigheiter, kunnskap og erfaring som gjer dei fortrulege med musikalsk barne- og ungdomskultur.

Emnet skal også gjere studentane fortrulege med dei grunnleggjande dugleikane Å kunne
uttrykke seg munnleg og skriftlig, Å kunne lese og regne, Å kunne bruke digitale verktøy slik
desse er utforma i gjeldande musikklæreplan for grunnskulen.

Læringsmål

Kunnskap
Studenten
- har grunnleggande kunnskap om norsk og internasjonal musikk frå ulike sjangrar og musikkhistoriske epokar, om norsk og samisk tradisjonsmusikk og om musikk frå andre kulturar
- har kunnskap om grunnleggjande musikkteori og ulike former for musikkanalyse
- har kunnskap om korleis musikk blir brukt og integrert i ulike former for samfunnsuttrykk, t.d. i film og media og om korleis musikk kan vere eit formande element i slike samanhengar
- har kunnskap om læreplanar i faget og faget si læreplanhistorie

Ferdigheiter
Studenten
- kan lytte aktivt og reflekterande til eit representativt utval av musikk frå ulike sjangrar, historiske epokar og ulike kulturar
- vise kunnskap om musikken gjennom bruk av musikkanalyse og gjennom verbale så vel som andre kunstrelaterte uttrykksformer, t.d. dans/rørsle og drama
- kan komponere musikk på varierte måtar, improvisere med instrument og stemme og kunne leie improvisasjons- og komposisjonsprosessar for elevar på trinna 5-10
- kan bruke analoge og digitale musikkinstrument og tekniske og elektroniske hjelpemiddel med tanke på musikalsk skaping, formidlingsverksemd og musikkproduksjon
- kan ta i bruk og vurdere varierte arbeidsformer, metodar og læringsmateriell som over tid er utvikla i skolefaget for trinna 5-10
- kan gjennomføre tilpassa opplæring for elevar med ulik bakgrunn, ulike føresetnader og interesser
- er fortruleg med grunnleggande ferdigheitar i skolefaget musikk

Generell kompetanse
Studenten
- kan initiere fagleg samarbeid og bruke musikk både som regifag og som støttefag i fleirfaglege tema- og prosjektarbeid i sine framtidige yrkesroller
- har innsikt i og kan drøfte musikkens rolle som identitetsskapar, kommunikasjonsmedium og kulturuttrykk i skolekvardagen og i eit fleirkulturelt samfunn
- kan aktivisere og stimulere elevane si evne til å skape, oppleve, uttrykke og reflektere

Læringsformer og aktiviteter

Undervisningsformene skiftar mellom gruppeundervisning, førelesningar, gruppearbeid og praktisk musisering. Studentane skal delta i ein læringsprosess der dei i arbeid med produksjon, tolking og formidling av musikk der dei utviklar kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse i faget. Dette omfattar stor grad av eigeninnsats. Studentane vil få rettleiing på deler av arbeidet individuelt og gruppevis. Det vert lagt vekt på ei prosessorientert undervisning med studentaktive arbeidsformer med det musiske og skapande i sentrum

Det vert lagt til rette for ei studiereise til ein europeisk storby med fagleg innhald i vår semesteret.
Studieturen er ikke obligatorisk, og den finansieres av studentene selv.