LGU14013

Religion, livssyn og etikk 2 (1-7)

Sist undervist 2020

Vår

Trondheim

Norsk

Oversikt

Snitt

A

4,75

1,46

Ståprosent

100 %

7 poeng

Karakterfordeling
Snitt over tid
Ståprosent over tid

Om emnet

Faglig innhold

Religion, livssyn og etikk (RLE) i grunnskolelærarutdanninga 1-7 har tre emneområde:
1. religionar og livssyn,
2. filosofi og etikk og
3. fagdidaktikk.

Emnet omhandlar åtte fagemne: jødedom, kristendom, islam, hinduisme, buddhisme, livssyn, etikk og filosofi. Vektlegginga av dei ulike fagemna vil vere om lag som i læreplanen for grunnskolen.

I arbeidet med religionane og anna fagstoff står undervisninga av yngre barn, korleis dei lærer og kontekstuell didaktisk teori i fokus. Samisk religionshistorie og nyare religions-og filosofihistorie blir vektlagd.

I samband med praksis vert merksemd retta mot utfordringane knytte til læringsorienterte vurderingar i høve til haldnings- og trusspørsmål.

Læringsmål

KUNNSKAP
Studenten
- har kunnskap om viktige trus - og livstolkingar i religionane i historisk og aktuelt perspektiv, med vekt på europeiske og meir globale forhold
- har kunnskap om religionshistorie med vekt på nyare tid og særleg på kristendommens historie frå reformasjonen og framover
- har kunnskap om heilage tekstar med viktige forteljingar i religionane, deira litterære uttrykk og sjangrar, verknadshistorie, hermeneutikk og historisk-vitskaplege perspektiv på tekstane
- har kunnskap om samisk religionshistorie
- har kunnskap om sekulære livstolkingar med vekt på ideologiar
- har kunnskap om religiøse, humanistiske og naturalistiske verdiperspektiv i møte med aktuelle utfordringar som spørsmål om liv og død, kjønn og likestilling, seksualitet, økonomi, miljø og ressursbruk
- har kunnskap om FNs internasjonale konvensjonar om menneskerettane og ILO - konvensjonen om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar, samt aktuell diskusjon om menneskerettsomgrepet
- har kunnskap om grunnskolefaget si historie med særleg vekt på tida etter 1997 og ulike løysingar på religions- og filosofiundervisninga i andre land
- har kunnskap om eit breitt utval av mogelege arbeidsmåtar i faget og tilsvarande vurderingsformer

FERDIGHEITER
Studenten
- kan bruke eit breitt utval av varierte og elevaktive arbeidsmåtar i høve til undervisninga i dei første skoleåra
- kan vurdere lærebøker og andre læremiddel i faget, òg i eiga undervisning
- kan lage lokale læreplanar i RLE, inkludert løysingar for utfordringane i fådelte skolar og andre lokale tilpassingar i skolen
- kan gjenkjenne gode handlingsvariantar i høve til ulike typar dialogsituasjonar med eleven og heimen på bakgrunn av religiøse og livssynsmessige spørsmål
- kan integrere dei grunnleggande dugleikane i RLE-undervisninga: kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg, lese ulike typar tekstar og rekne
- kan tolke korleis tekstar, kunst og arkitektur uttrykkjer meining i RLE-emna, gjennom sjangrar, symbol, metaforar og andre verkemiddel
- kan bruke digitale verktøy med særleg blikk for kjeldekritikk i høve til søk etter informasjon og etiske spørsmål om nettetikette og personvern
- kan bruke prinsippa for erfaringsbasert forsking i eiga verksemd som RLE-lærar

GENERELL KOMPETANSE
Studenten
- kan drøfte verdigrunnlaget for skolen og sjå skoleverksemda i lys av dette
- kan handtere spørsmålet om høgtidsmarkeringar og religiøse eller livssynmessige praksisar i skolen
- kan sjå den lokale kulturen og lokalsamfunnet i samanheng med fagundervisninga i skolen

Læringsformer og aktiviteter

Arbeidsformer og vurderingsordning blir sett i samanheng. Arbeidsformene vekslar mellom førelesning, arbeid med oppgåver (individuelt og i gruppe), diskusjonar, munnlege studentpresentasjonar og ekskursjonar.

Læringsaktiviteter i emnet omfattar lesing og lytting, produksjon av munnlege og skriftlege tekster, samt interaksjon med kvarandre, undervisningspersonale og representantar for trus- eller livssynsorganisasjonar eller andre institusjonar vi møter.

For lærarar i grunnskolens religions- og livssynsfag er det viktig å kunne lese fagtekster og andre tekster kritisk og analytisk og å lytte til elevar, foreldre, kollegaer og andre med vilje til innleving og læring. Tilsvarande er det viktig å kunne uttrykke seg klårt både skriftleg og munnleg i møte med desse gruppene og offentlegheita. Undervisninga i emnet omfattar øving i å uttrykke seg, både skriftleg og munnleg i ulike sjangrar med ulike formål, og på bakgrunn av faglitteratur og erfaring.

Arbeidsformer og læringsaktivitetar dannar grunnlag for tileigning av fag og fagutøving, og det er derfor viktig å delta i undervisninga.

Kostnader til ekskursjon må påregnes