LGU14001
Religion, livssyn og etikk 1 (1-7)
Sist undervist 2020
Høst
Trondheim
Norsk
Om emnet
Faglig innhold
RLE1 i GLU 1-7 har desse områda:
1. Religionar og livssyn
2. Filosofi og etikk
3. Fagdidaktikk
Emnet omhandlar åtte fagemne: jødedom, kristendom, islam, hinduisme, buddhisme, livssyn, etikk og filosofi. Vektlegginga av dei ulike fagemna vil vere om lag som i læreplanen for grunnskolen.
I det systematiske arbeidet med religionane og anna fagstoff står forteljingar og høgtider i fokus. Eldre religions- og filosofihistorie, dei kulturelle forholda som barn veks opp i og dialogen mellom heimen og skolen blir vektlagd.
I samband med praksis vert merksemd retta mot heim-skolesamarbeidet og etableringa av ein god lærings- og klasseromkultur.
Læringsmål
KUNNSKAP
Studenten
- har kunnskap om religionar og livssyn i faget: mangfald og ulike retningar, trusinnhald og
- oppfatningar, praksis, etikk og estetiske uttrykk, med særleg vekt på kristendommen og norske forhold
- har kunnskap om religionshistorie med vekt på eldre tid og særleg på kristendommens historie fram til og med reformasjonen
- har kunnskap om heilage tekstar: hovudinnhald, historisk bakgrunn og sentrale forteljingar, med særleg vekt på Bibelen
- har kunnskap om vestleg filosofihistorie med vekt på antikken, særleg menneskesyn og etikk, og om filosofering med barn
- har kunnskap om humanisme som livssyn i historisk kontekst og som filosofisk perspektiv i ulike variantar i bryting med andre menneskesyn gjennom historia
- har kunnskap om etiske teoriar og bruken av desse i høve til nokre aktuelle problemstillingar
- har kunnskap om menneskerettane og FNs barnekonvensjon og diskusjonane om ulike konsekvensar av desse i høve til undervisninga i RLE
- har kunnskap om diskusjonane kring kognitiv forvirring i møte med religiøst og anna kulturelt mangfald
- har kunnskap om grunnskolefaget si historie i hovudtrekk, grunngjeving, innhald og føremål
- har kunnskap om sentrale arbeidsmåtar i faget i høve til dei aktuelle trinna
- har kunnskap om barns gudsomgrep, religiøse førestellingar og opplevingar
- har kunnskap om kva religiøse seremoniar og høgtider har å seie for barn
- har kunnskap om reglement for fritak på religiøst og livssynsmessig grunnlag
FERDIGHEITER
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere RLE-undervisning på ein sjølvstendig og fagleg gjennomtenkt måte med vekt på danningsperspektiv og dei fleirkulturelle utfordringane
- kan bruke sentrale arbeidsmåtar i RLE med vekt på arbeidet med høgtider, forteljingar og estetiske uttrykk
- kan setje seg inn i borna sine tankar og førestellingar om religiøse og filosofiske spørsmål og kan samtale med dei om dette
- kan samtale med barn om tilhøve som oppstår i samband med vanskelege livssituasjonar
- kan samarbeide med andre lærarar, elevar og heimen om faget
- kan gjennomføre tilpassa opplæring i RLE, mellom anna med omsyn til elevar med bakgrunn i ulik tru og ulike livssyn
- kan kombinere kravet om objektiv, kritisk og pluralistisk undervisning i RLE med varierte, elevaktive og engasjerande arbeidsmåtar med tilsvarande vurderingsformer
- kan legge til rette for utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene i undervisninga
- kan reflektere kritisk over innhaldet og verdimålsettingane for faget i skolen og over forholdet mellom fag, undervisning og eiga utvikling i yrkesutøvinga
- kan bruke internett og digitale læremidlar på ein kritisk og pedagogisk måte i undervisninga
GENERELL KOMPETANSE
Studenten
- har yrkesetisk kompetanse og kan sjå dette i samanheng med religiøse og livssynsmessige tradisjonar
- kan leggje til rette for samarbeid mellom heimen, skolen og lokalmiljøet
- har forståing for rolla som verdiformidlar i eit fleirkulturelt samfunn
Læringsformer og aktiviteter
Arbeidsformer og vurderingsordning blir sett i samanheng. Arbeidsformene vekslar mellom førelesning, arbeid med oppgåver (individuelt og i gruppe), diskusjonar, munnlege studentpresentasjonar og ekskursjonar.
Læringsaktiviteter i emnet omfattar lesing og lytting, produksjon av munnlege og skriftlege tekster, samt interaksjon med kvarandre, undervisningspersonale og representantar for trus- eller livssynsorganisasjonar eller andre institusjonar vi møter.
For lærarar i grunnskolens religions- og livssynsfag er det viktig å kunne lese fagtekster og andre tekster kritisk og analytisk og å lytte til elevar, foreldre, kollegaer og andre med vilje til innleving og læring. Tilsvarande er det viktig å kunne uttrykke seg klart både skriftleg og munnleg i møte med desse gruppene og offentlegheita. Undervisninga i emnet omfattar øving i å uttrykke seg, både skriftleg og munnleg i ulike sjangrar med ulike formål, og på bakgrunn av faglitteratur og erfaring.
Arbeidsformer og læringsaktivitetar dannar grunnlag for tileigning av fag og fagutøving, og det er derfor viktig å delta i undervisninga.
Kostnader til ekskursjon må påregnes