LGU12006

Musikk 1 (1-7) emne 2: Komposisjon og fagdidaktiske emner

Sist undervist 2018

Høst og Vår

Norsk

Oversikt

Snitt

B

3,55

0,18

Ståprosent

91 %

6 poeng

Karakterfordeling
Snitt over tid
Ståprosent over tid

Om emnet

Faglig innhold

Musikk 1 1-7, emne 2, har desse hovudkomponentane: Grunnleggande opplæring i utøvande og skapande verksemd, innføring i musikkfaget sine deldisiplinar og innføring i skolefaget musikk slik det er forma for trinna 1-7 i gjeldane læreplan.
Dei fagdidaktiske delane av studiet er i særleg grad sikta inn mot musikklæraren sitt arbeid med elevar si faglege læring på trinna 1-7. Undervisningsstoff og arbeidsmåtar i praksisopplæringa skal også gi studentane ferdigheiter, kunnskap og erfaring som gjer at dei kan leie og instruere song - og musikkaktivitetar tilrettelagt for elevar på trinna 1-7.

Læringsmål

Kunnskap
Studenten
- har grunnleggande kunnskap om norsk og internasjonal musikk frå ulike sjangrar og musikkhistoriske epokar, om norsk og samisk tradisjonsmusikk og om musikk frå ulike kulturar
- har kunnskap om grunnleggande musikkteori og ulike former for musikkanalyse
- har kunnskap om korleis musikk blir brukt og integrert i ulike former for samfunnsuttrykk, t.d. i film og media, og om korleis musikk kan vere eit formande element i slike samanhengar
- har kunnskapar om musikkfaget si historie og rolle i samfunnet, læreplanar i faget og faget si læreplanhistorie

Ferdigheiter
Studenten
- kan lytte aktivt og reflekterande til eit representativt utval av musikk frå ulike sjangrar, historiske periodar og ulike kulturar
- kan vise kunnskap om musikken gjennom verbale og andre kunstrelaterte uttrykksformer, t.d. dans/rørsle og drama
- kan instruere og leie eit repertoar av songdansar og eit representativt utval av tradisjonelle og moderne dansar frå ulike kulturar til bruk i musikkundervisning på trinna 1-7
- kan skape musikk på varierte måtar, improvisere med instrument og stemme og kunne leie improvisasjons- og komposisjonsprosessar for elevar på trinna 1-7
- kan bruke analoge og digitale musikkinstrument og tekniske og elektroniske hjelpemiddel med tanke på musikalsk skaping, formidlingsverksemd og musikkopplæring
- kan ta i bruk og vurdere varierte arbeidsformer, metodar og læringsmateriell for skolefaget musikk for trinna 1-7
- kan gjennomføre tilpassa opplæring for elevar med ulik bakgrunn, ulike føresetnader og interesser.

Generell kompetanse
Studenten
- kan initiere fagleg samarbeid og bruke musikk både som regifag og støttefag i fleirfaglege tema- og prosjektarbeid
- kan reflektere over samanhengen mellom mål og innhald i musikkfaget, andre fagområde og læreplanverk for trinna 1-7

Læringsformer og aktiviteter

Undervisningsformene varierer mellom gruppeundervisning, førelesningar, gruppearbeid og praktisk musisering. Studentane skal delta i ein læringsprosess der dei i arbeid med produksjon, tolking og formidling av musikk der dei utviklar kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse i faget. Dette omfattar stor grad av eigeninnsats. Studentane vil få rettleiing på deler av arbeidet individuelt og gruppevis. Det vert lagt vekt på ei prosessorientert undervisning med studentaktive arbeidsformer med det musiske og skapande i sentrum.

Det vil bli lagt til rette for studietur med faglig innhold til europeisk storby i vårsemesteret.
Studieturen er ikke obligatorisk og den finansieres av studentene selv.