HIST2145

Krigere, kloster og katapulter

Sist undervist 2008

Høst og Vår

Norsk

Oversikt

Snitt

D

2,31

0,01

Ståprosent

100 %

10 poeng

Karakterfordeling
Snitt over tid
Ståprosent over tid

Om emnet

Faglig innhold

Kurset gir ei innføring i korleis den seinantikke kunnskapsarven – filosofi, vitskap, teknologi og kunnskapsinstitusjonar – vart overteken, forvalta og vidareutvikla av dei tre store sivilisasjonane rundt Middelhavet i mellomalderen, og korleis den spreidde seg; først frå Bysants og Perserriket til den islamske verda (ca. 500-900), og seinare frå Bysants og den islamske verda til Vest-Europa (ca. 900-1300). Særleg stor vekt kjem til å liggja på den politiske, økonomiske og sosiale dynamikken bak spreiing og vidareutvikling av kunnskapsarven, og korleis Vest-Europa, opphavleg den minst utvikla og urbaniserte delen av det gamle Romerriket, kom til å ta att og på sikt gå forbi dei to andre kulturområda.

Læringsmål

Studentane skal kjenna til hovudtrekk i kunnskaps- og teknologiutviklinga ca. 500-1300 og korleis politisk og kulturell utvikling påverka spreiing og vidareutvikling.