FRA3211
Spesialiseringsemne i fransk språkvitenskap
Vår
Trondheim
Norsk
Om emnet
Faglig innhold
Emnet inneheld følgjande komponentar:
- Fransk grammatikk (2/3 av emnet)
- Variabelt språkvitskapeleg tema (1/3 av emnet).
Arbeidet med grammatikk og andre språkvitskaplege tema skal gje studentane større innsikt og dugleik i moderne fransk språk.
Læringsmål
Kunnskapar
Kandidaten har ved avslutta emne:
- kjennskap til moderne tilnærmingsmåtar innan fransk grammatikk
- innsikt i tilnærmingar til studien av språkbruk eller språklæring
Dugleik
Kandidaten er ved avslutta emne:
- i stand til å gjera greie for hovuddraga i moderne fransk grammatikk
- i stand til å diskutera ulike teoriar om språkbruk eller språklæring og trekke teoriane inn i eigne analysar
- i stand til å analysere setningsstrukturar og forskjellige aspekt ved språkbruk eller språklæring
Generell kompetanse
Kandidaten har eit grunnlag for å arbeide med moderne fransk grammatikk og teoriar om språkbruk eller språklæring på ein vitskapeleg måte
Læringsformer og aktiviteter
Det blir gjeve førelesingar, seminar og gruppeundervisning i om lag 12 veker. Studentane skal sjølv delta aktivt i undervisninga, for eksempel ved å leggje fram eller diskutere artiklar, eigne analysar eller anna fagstoff. Undervisninga skjer i samarbeid mellom UiB og NTNU, og er nettbasert.
Obligatorisk aktivitet:
For å kunna ta eksamen i emnet må studentane få godkjent ei øvingsoppgåve i grammatikk gitt i samband med undervisninga.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.