EXFAC0014
Grunntrening og helse
Sist undervist 2016
Vår og Høst
Norsk
Om emnet
Faglig innhold
Emnet vil ha fokus på trening og treningsplanlegging for dansarar, og dei føresetnadene som må vera til stades for å utvikla gode strategiar for dette. Emnet skal gje grunnleggjande forståing for kroppen som heilskap og vil fokusera på korleis ein skal ivareta ei god helse i samband med trening og dansing.
Læringsmål
Kunnskapar:Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i EXFAC0014
har kunnskap om kva ferdigheiter (arbeidskrav) som blir stilt til ein profesjonell dansar
har kunnskap om bruk av kroppen i eit helse- og treningsperspektiv
har kunnskap om biomekanikk, motorikk og anatomi
har kunnskap om treningsplanlegging
Ferdigheiter:Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i EXFAC0014
har ferdigheiter til å jobbe målretta med eiga trenings- og danseutvikling
har ferdigheiter til å analysere kompliserte rørslesekvensar (utforme arbeidskravsanalysar)
har ferdigheiter til å utvikle funksjonelle rørsleløysingar i eigen kropp
Generell kompetanse:Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i EXFAC0014
kan utføre presentasjonar for publikum både teoretisk og praktisk
kan jobbe målretta og sjølvstendig åleine og saman med andre
kan reflektera omkring faglege problemstillingar
Læringsformer og aktiviteter
Samlingsbasert undervising og sjølvstendig arbeid mellom samlingane. Obligatorisk fellesundervising med forelesingar og praktiske øvingar. Obligatorisk skriftleg disposisjon skal liggja til grunn for munnleg eksamen.