DANS4131
Formidling B
Sist undervist 2012
Norsk
Ingen karakterstatistikk ennå
Vi har ikke karakterdata for dette emnet ennå. Statistikk kan dukke opp når resultater er offentliggjort.
Om emnet
Faglig innhold
I emna formidling A og B vil ein jobba med ulike sider av kunstnarlege prosessar med tradisjonsdansen som utgangspunkt. Interpretasjon, komposisjon og koreografisk ideskaping vil vera gjennomgåande tema. Sentrale moment i undervisinga vil vera formidling av koreografi og skaping av danseuttrykk og kunstnarlege idear. Studentane vil i løpet av emna få arbeida med forskjellige koreografar i planlegging, produksjon og formidling av danseførestillingar med ulike perspektiv. Emnet inngår i ein samanheng med DRA 2001 Dramaturgi og konseptarbeid.
Temaet "Folkedans mellom dansegolv og scene, val og strategiar" vil vera gjennomgåande for dei ulike oppgåvene og prosjekta.
Studenten skal delta i husframsyningar og prosjekt.
Obligatorisk kurs: Kurset Kunst, tradisjon og estetikk vil bestå av ei forelesingsrekkje som gjev innføring i kunstteori, enkelte djupdykk i scenedansen si historie og estetisk teori. Noko av undervisinga vil vera sams med DANS 2001 Dansens historie og estetikk. Evaluering: Fullført/Ikkje fullført på grunnlag av deltaking i obligatorisk undervising/førelesningar og innlevering av skriftleg oppgåve (bestått/ikkje bestått).
Læringsmål
Studiemålet er å utvikla seg i rolla som utøvande dansar, og kunna skapa presentasjonar og kunstnarlege uttrykk av dans med ulike ensemble og for ulike publikumsgrupper.
Kunnskapar:Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i DANS4131
har kunnskap om korleis skape eit personleg danseuttrykk og bruk av ulike sceniske formidlingsteknikkar
har kunnskap om kommunikasjon/interaksjon mellom dansarar og publikum
har kunnskap om ulike val, strategiar og dilemma med tradisjonsdans på scena
har kunnskap om kunstteori, scenedansen si historie og estetisk teori
har kunnskap om ulike innfallsvinklar til improvisasjon
har kunnskap om koreografiske teknikkar
har kunnskap om førebuing og gjennomføring av prestasjonar/framføringar
Ferdigheiter:Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i DANS4131
har ferdigheiter til å skape og formidle eit sjølvstendig danseuttrykk
har ferdigheiter til å kunne formidle og ta koreografi
har ferdigheiter til å formidle tradisjonsdans til ulike publikumsgrupper
har ferdigheiter til å samarbeide med ulike dansarar, koreografar og andre i å skape eit scenisk uttrykk
har ferdigheiter til å analysere danseverk
kan evaluere (reflektere over) eigne og felles prestasjonar/framføringar
Generell kompetanse:Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i DANS4131
kan jobbe målretta og sjølvstendig åleine og saman med andre
kan reflektera omkring faglege problemstillingar
Læringsformer og aktiviteter
Obligatorisk felles-, gruppeundervising og workshops. Studenten skal delta i utvikling og framføring av ein avsluttande danseproduksjon som offentleg eksamen med lengde på om lag 45 minutt.