DANS4130

Utøving dans C

Sist undervist 2012

Vår og Høst

Norsk

Oversikt

Snitt

A

5,00

likt

Ståprosent

100 %

likt

Karakterfordeling
Snitt over tid
Ståprosent over tid

Om emnet

Faglig innhold

Utøving A-C dannar fundamentet i studiet. Gjennomgåande fokus vil vera på kunnskap og ferdigheiter i sjølve tradisjonsdansformene, og utøvinga av dei som kunstnarleg uttrykksform. Her er samspelet med tradisjonsmusikken eit sentralt moment, i tillegg til utvikling av fysiske, tekniske og stilmessige føresetnader for å utføre tradisjonsdansen.
Utøving C vil ha hovudfokus på tradisjonsdansen som kunstnarleg uttrykksform. Spissing og fordjuping i teknikk, repertoar, improvisasjon og studenten sitt eige musikalske og rørslemessige uttrykk er sentralt i undervisinga. Studenten skal utvikla eit individuelt prosjekt som skal ha norsk tradisjonsdans som kjerne, og munna ut i ein eksamenspresentasjon. Emnet stiller store krav til sjølvstendig studieinnsats.

Studenten skal i tillegg til den ordinære undervisinga delta i dansing knytt til tradisjons- og folkedansmiljø, husframsyningar og prosjekt.
Obligatorisk kurs: Kurset Andre danseformer II gir ei innføring i teknikkar frå andre typar dans enn norsk tradisjonsdans. Praktisk fellesundervising, forelesing og grupper. Vurdering: Fullført/Ikkje fullført på grunnlag av deltaking i obligatorisk undervising.

Læringsmål

Kunnskapar:Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i DANS4130
• har kunnskap om improvisasjon og skaping av personlege, musikalske og rørslemessige uttrykk i tradisjonsdans
• har kunnskap om danserepertoar, stil, teknikk, rytme og dansemusikken i utvalgte tradisjonsmiljø
• har kunnskap om kommunikasjon/interaksjon mellom dansarar og spelemenn
• har kunnskap om innsamling, framleiting og bruk av kjelder i tilknyting til tradisjonsdans og tradisjonsmusikk
• har kunnskap om øvingsteknikkar i tradisjonsdans
• har kjennskap til utvalde danseteknikkar frå andre dansesjangrar
Ferdigheiter:Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i DANS4130
• har ferdigheiter til å utøve eit bredt repertoar av tradisjonsdans solistisk, som pardans og i grupper med folkeleg stil, teknikk og rytmikk og eit personleg, musikalsk og rørslemessig uttrykk
• har ferdigheiter til å improvisere innan tradisjonsdansen sine rammer
• har ferdigheiter til å samarbeide med tradisjonsmusikarar
• har ferdigheiter til å utvikle eit individuelt kunstnarleg prosjekt innan tradisjonsdans
• har ferdigheiter til å herme og analysere dans
• har ferdigheiter til å planleggje og evaluere øvingsmetodar i dans
Generell kompetanse:Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i DANS4130
• kan utføre presentasjonar for publikum både teoretisk og praktisk
• kan jobbe målretta og sjølvstendig åleine og saman med andre
• kan reflektera omkring faglege problemstillingar

Læringsformer og aktiviteter

Obligatorisk undervising. Master Class, fellesundervising, par- og individuell danseundervising av læremeistrar/læremeistermiljø og faglærarar. Studenten får individuelle praktiske oppgåver. Obligatorisk skriving av refleksjonsnotat, og produksjon av øvingsopptak. Obligatorisk skriftleg rapport av individuelt prosjekt. Offentleg eksamenspresentasjon av individuelt danseprosjekt.