DANS4121

Formidling A

Sist undervist 2012

Vår og Høst

Norsk

Oversikt

Ståprosent

100 %

likt

Karakterfordeling
Ståprosent over tid

Om emnet

Faglig innhold

I emna formidling A og B vil ein jobba med ulike sider av kunstnarlege prosessar med tradisjonsdansen som utgangspunkt. Interpretasjon, komposisjon og koreografisk ideskaping vil vera gjennomgåande tema. Sentrale moment i undervisinga vil vera formidling av koreografi og skaping av danseuttrykk og kunstnarlege idear. Studentane vil i løpet av emna få arbeida med forskjellige koreografar i planlegging, produksjon og formidling av danseførestillingar med ulike perspektiv.
Temaet "Folkedans mellom dansegolv og scene, val og strategiar" vil vera gjennomgåande for dei ulike oppgåvene og prosjekta.
Studenten skal delta i husframsyningar og prosjekt.

Obligatorisk kurs: "Folkedans mellom dansegolv og scene, val og strategiar". Kurset omfattar også refleksjon kring dansen sin funksjon i eit kulturelt og samfunnsmessig perspektiv. Vurdering: Fullført/Ikkje fullført på grunnlag av deltaking i obligatorisk undervisning/førelesningar og munnleg refleksjon basert på eit oppgitt tema (bestått/ikkje bestått).

Læringsmål

Studiemålet er å utvikla seg i rolla som utøvande dansar, og kunna skapa presentasjonar og kunstnarlege uttrykk av dans med ulike ensemble og for ulike publikumsgrupper.
Kunnskaper:Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i DANS4121
• har kunnskap om korleis skape eit personleg danseuttrykk og bruk av ulike sceniske formidlingsteknikkar
• har kunnskap om kommunikasjon/interaksjon mellom dansarar og publikum
• har kunnskap om ulike val, strategiar og dilemma med tradisjonsdans på scena
• har kunnskap om ulike innfallsvinklar til improvisasjon
• har kunnskap om koreografiske teknikkar
• har kunnskap om førebuing og gjennomføring av prestasjonar/framføringar
• har kunnskap om norsk kulturforvaltning og finansieringsordningar
Ferdigheiter:Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i DANS4121
• har ferdigheiter til å skape og formidle eit sjølvstendig danseuttrykk
• har ferdigheiter til å kunne formidle og ta koreografi
• har ferdigheiter til å formidle tradisjonsdans til ulike publikumsgrupper
• har ferdigheiter til å samarbeide med ulike dansarar, koreografer og andre i å skape eit scenisk uttrykk
• kan evaluere (reflektere over) eigne og felles prestasjonar/framføringar
Generell kompetanse:Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i DANS4121
• kan jobbe målretta og sjølvstendig åleine og saman med andre
• kan reflektera omkring faglege problemstillingar

Læringsformer og aktiviteter

Samlingsbasert og obligatorisk fellesundervisning og workshops. Gruppeeksamen. Gruppa/gruppene vel ut eit av prosjekta dei har delteke i/utvikla i løpet av året og førebur dette til eksamen.