DANS4120
Utøving dans B
Sist undervist 2012
Vår og Høst
Norsk
Om emnet
Faglig innhold
Utøving A-C dannar fundamentet i studiet. Gjennomgåande fokus vil vera på kunnskap og ferdigheiter i sjølve tradisjonsdansformene, og utøvinga av dei som kunstnarleg uttrykksform. Her er samspelet med tradisjonsmusikken eit sentralt moment, i tillegg til utvikling av fysiske, tekniske og stilmessige føresetnader for å utføre tradisjonsdansen.
Utøving B vil ha eit sterkt tradisjonsfokus, kor fordjuping i utvalde dansetradisjonar og det tilhøyrande samspelet med tradisjonsmusikken vil ha hovudfokus. Undervising med meisterlærar, feltarbeid og analyse av tradisjonsmateriale frå arkiv vil liggje til grunn for arbeidet med oppbygging og fordjuping i sjølvvalt tradisjonsområde. Undervisinga i full gruppe omfattar dansetekniske og stilmessige ferdigheiter for tradisjonsdans, oppøving av teknikkar for læring og herming av tradisjonskjelder, danseanalyse, repertoarutvikling og utvikling av sjølvøvingsteknikkar. Emnet stiller store krav til sjølvstendig studieinnsats.
Studenten skal i tillegg til den ordinære undervisinga delta i dansing knytt til tradisjonsmiljø/folkedanslag, og delta i husframsyningar og prosjekt.
Obligatorisk kurs: Kurset Andre danseformer I gir ei elementær innføring i teknikkar frå teaterdans. Praktisk fellesundervising, forelesing og grupper. Vurdering: Fullført/Ikkje fullført på grunnlag av deltaking i obligatorisk undervising.
Læringsmål
Kunnskapar:Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i emnet DANS4120
har kunnskap om danserepertoar, stil, teknikk, rytme og dansemusikken i sjølvvalde tradisjonsmiljø
har kunnskap om improvisasjon og skaping av personlege, musikalske og rørslemessige uttrykk i tradisjonsdans
har kunnskap om kommunikasjon/interaksjon mellom dansarar og spelemenn
har kunnskap om øvingsteknikkar i tradisjonsdans
har kunnskap om innsamling, framleiting og bruk av kjelder i tilknyting til tradisjonsdans og tradisjonsmusikk
har kjennskap til ulike teknikkar i teaterdans
Ferdigheiter:Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i emnet DANS4120
har ferdigheiter til å utøve folkeleg stil og danseteknikk solistisk, som pardans og i grupper
har ferdigheiter til å utøve tradisjonsdans fra sjølvvalde tradisjonsområde
har ferdigheiter til å samarbeide med tradisjonsmusikarar
har ferdigheiter til å herme og analysere dans
har ferdigheiter til å gjennomføre feltarbeid ved dokumentasjon av dans på video
har ferdigheiter til å gi ei skriftleg framstilling av tradisjonsdans basert på analyse av ulike kjelder
har ferdigheiter til å planleggje og evaluere øvingsmetodar i dans
Generell kompetanse:Ein kandidat med fullført kvalifikasjon i emnet DANS4120
kan utføre presentasjonar for publikum både teoretisk og praktisk
kan jobbe målretta og sjølvstendig åleine og saman med andre
kan reflektera omkring faglege problemstillingar
Læringsformer og aktiviteter
Emnet er delvis samlingsbasert. Obligatorisk fellesundervising, par- og individuell danseundervising av læremeistrar/læremeistermiljø og faglærarar. Studenten får individuelle praktiske oppgåver. Studenten skal læra seg danseformer frå tradisjonsmiljø, filmopptak og skriftlege kjelder gjennom rettleia sjølvstudium. Eit lite feltarbeid inngår i emnet, og studenten skal gje ein munnleg rapport frå dette. Studentane skal levera ein obligatorisk skriftleg rapport frå sjølvvalt tradisjonsområde basert på analyse av ulike kjelder som føresetnad for å gå opp til eksamen. Obligatorisk skriving av refleksjonsnotat, og produksjon av øvingsopptak.